No har me vore i Beijing nokre dager og alt er veldig annleis fraa Kathmandu. Der det var trange og skitne gater i Kathmandu er det store aapne gater her, og det er tydelig at alt er oppussa og ordna foer OL. Byggningene her er gigantiske, trur eg aldri har sett saa mange store bygg i ein by foer!
I Nepal, spesielt oppe i fjellene, der venta me gjerne to timer paa lunsj (me saag dei kom inn me maiskolber som dei mala og laga broed av), her kommer maten foer me har satt oss nesten.
Mat
Til mitt foerste maaltid i Kina tenkte eg aa bestille noko "trygt" saa bestillte kylling. Det var veldig godt, men litt forbausende var det aa finne heile kyllingen i tallerkenen. Baade bein, vinger, hode og nebb var med.
Menyene er stort sett paa engelsk med bilde, saa har unngaatt aa bestille nyrer eller involler til dyr endaa. (Ein dag trudde eg at eg bestilte biff, og fekk avverga det daa det viste seg at det var grisetarmer og ikkje biff.) Er ikkje heilt der endaa kjenne eg, men venne meg kanskje til det.
I gaar var me paa ein liten bortgjoemt restaurant (som det sto om i lonely planet saa var ganske mange turister der) og aat pekingand. Var utruleg godt! Spesialitet i Beijing.
Meg og Hanne som nyter Pekingand :)
Paralympics
Me kom her nett i slutten av paralympics og proevde aa faa billetter til avsluttningshowet, men det var utsolgt. Har sett mange utoevere, som sikkert er kjende, men kjenne ikkje saa godt til det at eg kunne kjenne igjen nokon. Hadde vore veldig kjekt aa faatt med oss nokon konkurranser, men kom eit par dager for seint til aa klare aa ordne det.
Akrobatshow
I gaar var me paa det sjukeste akrobatshowet der folk var utruleg dyktige til aa snu aa vende paa seg, staa paa hodet, hoppe, snurre seg rundt, og vri ledda i vinkler me har laert paa skulen ikkje er fysisk umulig. Trur eg satt aa maapa heile showet, heilt utruleg.
Har ogsaa vore paa kinesisk opera. Det var ikkje saa imponerande, men veldig artig aa ha sett.
Kinesisk opera
There are nine million bicycles in Beijing
Eg har faktisk sykla i Beijing, og folk som kjenner min generelle sykkelskrekk skjoenner kor stort dette er. Me skulle ut til Sommerpalasset og fann ut det var fint aa sykle ut daa det var 10km paa utsida av Beijing sentrum. Me tenkte ikkje paa at sentrum er ganske stort saa det gjekk ganske lenge foer me i det heile tatt var komme til utkanten av sentrum, saa endte me aa ta drosje siste biten. Det er eigne sykkelfelt her og eigne trafikklys til sykkeltraffikken.
Turen bort gjekk veldig bra, men var ganske redd daa det var (sykkel)rushtrafikk paa veg tilbake. Kjoerte bak Hanne, og daa ein tulling av ein kineser sykla rett inn i ho (eg var bak og saag at han sykla rett i ho som sykla fint og rett fram), tok eg sykkelen opp paa fortauet og gjekk resten. Saa kan ikkje sei at sykkelstrekken min er kurrert heilt endaa.
Kulturbiten
Me har vore rundt i Beijing og sett paa utallinge palasser og templer som staar igjen fraa keisertida. Alt er nyopppussa foer OL og ganske flott.
Me hadde tenkt oss pa historisk og revolusjonmuseum idag, men det var steng pga av oppussing. Det artige i Kina er at historiske museum ofte er stengt fordi dei lager ny historie (eventuellt kanskje tar me litt meir av verdens og kinas historie som ikkje var med tidlegare) etter kvart som det blir nye politiske ledere.
Tempel of heaven
Den forbudte by
Desse loevene er for beskyttelse og staar utenfor mange tempel.
Eg har og sett Mao i dag, og daa meine eg han i eigen person. Doed vel og merka. Dei har balsamert han og noko greier, og kvar dag har dei han oppe ei stund i ei glasskiste og folk kan komme inn aa sjaa. Saag egentlig mest ut som ei voksdukke som laag der. Ganske spesielt aa sjaa paa alle kineserene som kom faar aa sjaa han og legge blomster der.
Kino
I gaar kveld fann me ut me skulle paa kino, og det var ein stor opplevelse. I Kina viser dei berre 10 vestlige kinoer i aaret, og den som stod paa programmet no var Mumien 3. Me tenkte at det passa bra siden handligen til den faktisk er henta fraa Kina.
Kan ikkje akkurat sei at det var ein bra film, og naar den var dubba til kinesisk i tillegg med engelsk tekst, gjor det til at alt i alt var det ein veldig morsom opplevelse. Satt og lo mesteparten av filmen. Me forstyrra ikkje saa mange for var oss og 3 til i heile kinosalen.
Den kinesiske mur
Den kinesiske mur ligg eit stykke utenfor Beijing, saa meldte oss paa ein tur hostellet arrangerte og reiste ut der. Ca 3 timers kjoeretur. Me var rundt 10 stykk som reiste og den delen av muren me kom til var det ingen andre turister paa. Me kjoerte forbi nokon deler av muren som var nyoppussa og der saag me at folk gjekk i koe. Kunne faktisk nesten ikkje sjaa muren pga av alle folka.
Det var ein veldig fin tur me hadde, hadde ein lokal guide og gjekk eit par timer oppaa muren. Det me gjekk var det grodd ein del og var ganske nedslitt, men det var det som gjor det til ein fin tur.
Og saa saag eg ein slange, det var ikkje saa kjekt. hehe
Meg og muren
Margunn, Hanne, meg og Mari
Drosjene
Taxisjaafoerne her er ikkje alltid like greie, og opp til fleire gonger nekter dei aa kjoere oss dit me skal. Me viser dei navnet paa gata me skal til skreve paa kinesisk, men ikkje alltid det hjelper. Saa me syns dei er veldig late, og tenke dei kanskje faar timebetalt. hehe
Videre
I ettermiddag skal me faa ein times kong-fu opplaering paa hostellet, og i maaro reise me fraa Beijing. Reise innover i landet og soerover til ein by som heite Xi'an. Er ca 12 timers togtur, men skal ta nattoget med sovekupe.