Det er forresten veldig treig aa legge ut bilder her saa blir ikkje saa mange, men Mari har lagt ut nokon fraa turen paa http://www.flickr.com/photos/31496792@N08/
NHA TRANG
Foerste stopp i Vietnam etter aa ha sove ei natt i Ho Chi Minh, eller Saigon som det ogsaa vert kalla, var ein kystby litt lenger nord som heiter Nha Trang. Her la me oss inn paa eit 2 stjernes hotell som eg etter norske regler ville ha kalla ein 4 stjerners. Utruleg fine rom, med havsutsikt, store mjuke senger og stort bad. Litt kontrast til alle 4 roms hostella med toalett paa gangen som me budde paa i Kina.
Strandliv
Det var heilt herlig aa legge seg ned aa ikkje gjere noko anna enn a ligge strak ut i sole. Kjempefine strand og solsenger saa ingenting aa klage paa. Det var mange irriterande selgerer som var rundt paa standa og skulle selge solbriller og postkort, men ei dame var ikkje irriterande, og det var fruktdama, som serverte oss nydelig fruktsalat til lunsj. :)
Meg og Mari med dragefrukt :)
Eine dagen eller rettere sagt kvelden var det fullmaane og me satt og aat nede med stranda og sjoeen. Heilt fantastisk nydelig!

Velvere
Etter ei stund som backpackere fann me ut at det var paa tide aa ta litt vare paa seg sjoelv, og Vietnam er plassen for dette. Over alt er det massoerer og plasser som ordner negler paa hender aa foetter. Ganske deilig! Fann ut eg skulle ta meg ein tur til frisoeren og mens eg var i gang, ho snakka ikkje saa godt engelsk og det blei litt kortere enn eg hadde tenkt, men det vokser nok ut igjen til eg kjem heim att.
Trafikk
Trafikken i Vietnam er heilt forferdelig og dei har virkelig ikkje skjoent prinsippet bak foroverganger. Trur ikkje det har skjedd ein einaste gong saa langt at ein bil (eller moped/skuter som det kryr av her, gjerne med heile familien paa) har stoppa for meg naar eg skulle over vegen. Heilt haaplaust!
Mat
Maten i Vietnam er heilt nydelig! Og billig! ikkje minst! Har ete utruleg mykje god sjoemat og anna mat. Artig aa kunne velge mellom mange ulike fisker som ein ikkje har hoeyrt om foer. Dei har mykje anna artig mat og, og har mellom anna ete struts og krokodille :)
Snorkling
Etter eit par dager liggande rett ut som slakt paa standa var det tid for nye eventyr, og turen gjekk til ein baat som tok oss med ut paa det opne hav. Foerst var me paa eit akvarium paa ei lita oey og saag mange artige fisker og deriblandt hai! Ganske skuffa var eg daa det var veldig smaa hai, men artig aa sjaa likevel.
Hovudmaalet med denne baatturen var aa snorkle. Me fekk snorkle like attme ei oey med kjempefine koralrev i alle mulige farger, og saag kjempe mange smaa fine og rare fisk. Veldig morro, men gleden var litt oeydelagt daa maskene me fekk ikkje var av den beste kvaliteten og konstant lakk.
"Havfiske"
Me fekk sansen for baatturen, Vietnam er eit utruleg vakkert land, med mange nydelige oeyer. Saa neste baattur gjekk foere seg om ettermiddagen/kvelden og me skulle ut aa fiske. Me hadde litt haapet om aa faa nokon store fisker, men fiska ikkje saa langt ute og rett attme ei oey, saa blei ikkje store fangsten paa oss. Eg fekk to napp og ingen fisk, men Mari fekk heile to fisk (vel og merke paa stoerrelse med dei ein har i akvarium heime). Ein maa ha ein spesiell tillatelse faar aa reise langt ut aa fiske og det hadde jo me ikkje.
Etter ei stund med fiske var det blitt moerkt og me bada i maaneskinnet. Det var kjempeartig, for etter kvart svoemmetak ein tok kunne ein sjaa at det lyste i vatnet rundt oss av morild. Utruleg fasinerande!
Turen tilbake til land daa ein saag alle lysa fraa byen var kjempefin.
Apeoey
Alle gode ting er tre, saa me medte oss paa ein tredje baattur. Foerst var me paa ei oey der det var struts og daadyr (eller raadyr? kan ikkje heilt forskjellen skal eg innroemme...), dertter ei oey med nydelig strand, og eit fossefall (som var veldig lite) som me bada i. Siste oeya var apeoeya, og det krydde av apekatter der. Kor enn ein snudde seg var det fullt av apekatter! Kjempemorro.
Me fekk ogsaa sjaa elefantshow, hundeshow, svart bjoernshow og apeshow saa blei ein dag med mykje dyr.
MUI NE/PHAN THIET
Etter ca ei veke i Nha Trang tok me ein slags sovebuss 5 timer lengre soer til ein ny kystby som ligg mellom Mui Ne og Phan Thiet. Det er her eg er no, og dette er plassen for vannsport.
Me bur heilt nydelig til no, med svoemmebasseng og stranda som naermaste nabo.
Vindsurfing
Me hadde veldig lyst aa laere aa vindsurfe (aa kjeore paa seglbrett?) , men saa langt har me ikkje komme saa langt, for vinden har ikkje heilt vore paa vaar side. Men me har faatt proevd eit par gonger og det er kjempekjekt. Har nokon dager igjen saa satse paa aa faa proeve meir!
Surfing
Planen er aa proeve aa surfe litt naar me kjem til Costa Rica, og daa fann me ut det var lurt med litt provetimer her. Proevde i gaar, og me kom oss faktisk staande opp paa brettet. Veldig kjekt! Men me fekk ein del hjelp, for boelgene var ikkje heilt saa store som dei skulle vere, saa me hadde kvar vaar hjelper som sto og hold brettet vaart til det kom ei god boelge, dytta oss inn i boelga og saa "swim swim, stand up!". Har endaa ikkje proevd paa eigenhand aa innbille meg at det er ein smule vanskeligere. hehe
Kajakk
I gaar leigde me kajakk og var ute paa sjoen aa padla og var paa sightsing bortover stranda. Ein veldig fin maate aa sjaa seg litt rundt om paa. Skal ikkje sei at me padla like beint framover heile tida, men me kom oss fram og tilbake igjen. :)
Sanddyner
Idag, daa vinden igjen svikta oss, reiste me til nokon sanddyener som er like utenfor her. Det var ei med raud sand og ei med kvit sand. Veldig fint. Me blei kjoert i ein jeep (med daarlig motor) ut, og det var kanskje det kjekkaste for fekk sjaa oss ein del omkring.
Vaeret
Me har ikkje vore heilt heldige med vaeret saa langt i Vietnam, me har hatt ein del overskya og litt regn. I gaar kveld aapna himmelen seg naar me skulle heim etter aa ha ete og me maatte springe som nokon galninger foer aa proeve aa komme oss heim uten aa vere heilt gjennomvaate. Men me har hatt mykje fint vaer og sol og :)
Vidare
I dag er det loerdag og paa tirsdag tar me bussen inn til Saigon og skal sove der ei natt foer me tar flyet videre. Neste flytur har endestasjon i LA der me skal moete Siw :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar