onsdag 26. november 2008

PERU

(dette blei eit litt rotete innlegg uten dei bildene eg egentlig ville ha. av og til er ikkje eg, kabelen og dataen heilt paa lag. uansett kor mange goner eg har redigert overskrifter og tekst no, saa kommer det litt feil uansett. no gidd eg ikkje meir, hehe. :) )

No er tida inne for aa forlate Peru, og dette er eit land der me har opplevd mykje forskjelling, paa kort tid.



Lima
Me begynte vaar Peru tur med eit par dager i Lima, der me budde i eit nydelig stroek nesten nede med sjoeen. Det er mange koslige parker rundt omkring. Eine dagen var me paa citytour med dobbeldekker (der me sjoelvsagt hadde sikra oss plasser fremst) og fekk sjaa resten av denne byen som faktisk har opp mot 10 millioner innbyggere. Me var inn i ein katedral der dei hadde store katakomber (gravkammer i kjelleren), og me blei, som medisinstudenter me er, veldig imponert over alle skjelleta som var der. Det hadde tidlegare vert gravplass for heile byen, og beinrester fraa 70 000 personer er funnet.

Cuzco
Tidleg ein morgon tok me flyet til Cuzco, som er ein fjellby paa 3500 meter over havet og som i sin tid var sentrum for inkariket. Her fekk me foelesen av aa moete dei "ekte" peruanerene. Det vil daa sei smaa unger med vaerbitte litt grove ansikt, og eldre damer med lange fletter paa ryggen, og fargerike kle.

Cuzco er ein utruleg nydelig by, med mange smaa kjempekoslige gater. Det var ikkje saa mykje igjen her av det gamle inkariket, daa spanjakkene hadde ein tendes til aa rive det ned naar dei kom hit paa 1500 tallet. Tidlegere var det foreksmpel eit soltempel her som me no berre kunne sjaa grunnmuren til, daa spanjakkene hadde reve det ned og bygt kateralen sin oppaa toppen. Snakk om aa saare nokon for aa saa stroo salt i saaret.


Agua Calliente
Dagen etter tok me buss etterfoelgt av eit skrangletog til den byen som laag naermest det som var hovudmaalet for turen vaar, nemlig Machu Picchu.
Me reiste heile turen i ei gruppe paa 8 personer, ei dame fraa USA og to jenter fraa Irland, i tillegg til oss. Vel framme, gjekk me sammen med guiden vaar paa ein 2-3 timers lang gaatur i ein taakeregnskog for aa komme fram til eit fossefall. Seinere paa dagen reiste me til nokon varme kilder dei har her, og berre koste oss. :)
Om kvelden var me ute og aat sammen, og me fekk smaka grilla marsvin som er ein spesialitet her. Ikkje det beste kjoettet eg har smakt, men det var etande. Har ogsaa smakt alpaka som i motsetning var veldig godt.








Grilla marsvin





Machu Picchu







Ein gammel landsby forlatt oppe paa ein fjellhylle paa 2200moh. Dette er byen som var ukjend for omverden heilt til den i 1911 vart oppdaga av ein amerikaner.
Det gamle inkariket brukte 30 aar paa aa bygge ein by oppe i fjellene som skulle bli heimstaden for 500 av dei finere i stammen. Ein veit endaa ikkje kva byen eigentleg heiter og Machu Picchu er navnet paa fjellet der den ligg og tyder "gammelt fjell".
Inkane hadde berre budd der i rundt 100 aar, daa spanjolene kom til landet paa 1500 tallet. Grunna ein borgerkrig var det eit svekka folk spanjolene moette, men dei var lure nok til forlate byen sin og oeydelgge vegen opp dit slik at spanjolene ikkje skulle finne byen deira. Inkane hadde planer om aa flytte tilbake saa snart spanjolene vart vekke, men som kjent skjedde dette aldri, og byen forblei forlatt og grodde til. Den var kjent av lokalbefolkningen i omraadet, og daa ein amerikander kom i 1911 var det ein liten guttunge som viste han nokon runiner oppe i fjellene der han hadde leikt.
Inkane hadde kledd mykje av byen i gull, men mesteparten av dette var staalet av gravroevere foer den blei gjennoppdaga, og resten er i dag paa museum i USA (ka me Peru?).

Sjoelv om det ikkje var noko gull igjen er det ein ufateleg imponerande by med utrulege byggetekninker til aa vere saa tidleg. Alt ned i minste detalj er plandlagt, alt fraa terasser som er bygd med spesielt materiale for aa hindre regnet i aa oeydelegge, til templer der sola gaar inn gjennom spesielle vindu akurat dei dagene i aaret naar sole snur.

Me kom opp dit tidleg om morgonen og planer var aa sjaa soloppgangen, men det var litt for taakete til me saag den. Foerst var me opp paa ein liten hoegde der me saag utover byen, og etterpaa satt me paa nokon steiner, med utsikt over byen, og hoeyrde paa guiden som snakka om historien. Saa tidleg var det nesten ingen folk og det var ein magisk stemning der.






Etterpaa gjekk me rundt i byen foer me gjekk opp paa eit fjell like ved, der ein fekk god oversikt over byen. Naar me kom ned igjen etter eit par timer, var det begynt aa komme masse folk, og sjoelv om me var der i laagsesongen syns eg deg var i meste laget. I hoegsesongen kan det vere saa mykje som 4000 personer der kvar dag.

Rafting
Me reiste tilbake til Cuzco samme dag, og dagen etter var vaar fridag til aa gjere kva me ville og rafting sto oeverst paa oenskelista. Det var ein kjempeartig opplevelse, 12 km tur paa 3700 moh. Elve me rafta i var fraa isbreer, og me maatte heile tida passe paa aa ikkje faa vatn i munnen. Det var ganske kaldt vatn, og tidleg skjoente me at guiden hadde tenkte aa velte baaten. Av og til er det eit fordel aa kunne spansk uten aa sei det til noko, for naar guiden snakka med dei andre baatene om korti dei skulle gjere det, hoeyrte eg noeye etter. Men tross dette klarte dei aa velte baaten vaar likevel, det var ein kaldt men morsom opplevelse.


Welcome to the jungel
Neste morgen maatte me igjen tidleg opp, denne gongen for aa ta fly inn i amazonasjungelen. At det finnes ein flyplass midt i regnskogen, som i tillegg var internasjonal var ganske rart egentleg.




Elva og regnskogen fraa flyet

Etter aa ha landa, tok me buss ein time fore me kjoerte eit par timer baat oppover leva. Den elva me var med, som eg ikkje huske navnet paa nett no, er ein av dei elvene som til slutt blir den store amazonas elva. Ganske forskjell aa komme fraa alt det brune landskapet oppe i fjellene til den utruleg groenne regnskogen.





Me budde i eit resort i kjempefine bungelow hytter. Einaste me maatte passe paa var aa heile tida holde doera lukka for aa hindre insekt og andre krypdyr i aa komme inn.

Foerste kvelden var me ute paa ein kveldstur, der me gjekk langs ein sti i moerket med berre lommelykter og leita etter alt som kunne krabbe og gaa. Dei guidene me hadde det var kjempe kunnskapesrike og flinke. Me saag mange store maur, edderkopper, greshopper og andre smaakryp. Paa eit tidspunkt slukka me alt lyset og berre sto i ro. Det var heilt moerkt, og veldig mange lyder. Umulig aa skille alle lydene fraa kvarandre, og vite kva dyr som lage kva lyd. Veldig spsiell opplevelse.



Dagen etter gjekk me ogsaa paa tur, men denne gongen i dagslys. Regnskogen er kjempespennende, me tette og kjempehoege tre. Me saag paa mange smaadyr, litt storre dyr, fugler, treer og busker. Hoeyres kanskje ikkje saa spennede ut, men det var det! Saag for eksempel ein ekte tarantelle og hoeyrde masse rasling i buskene, men fekk aldri heilt auge paa dyret som var der som hadde vert eit villsvin. Hadde haapet om aa sjaa ein jaguar, men den dukka aldri opp.


Guiden vaar viste oss nokon termitter paa eit tre og saa at lokalbefolkningen pleide aa ete det mot mageproblem. Dette maatte han vise og aat ein levende termitt (liten maur), og daa maatte jo me ogsaa prove det. Saa eg har faktisk ete eit levende insekt, og det smakte tre. Seinere paa kvelden under samtale med guiden og eit par oel, saa visste det seg at guiden var veldig nervoes siden me var ein gruppe med nesten berre unge jenter (vanlegvis par over 50 som har fugler som sin stoerste interesse), han gaat tom for ting aa sei og hadde funne opp det om termittene. Det var ogsaa foerste gong for han at han hadde ete det. hehe.



Etterpaa var me paa ein baattur med ein katamaran bygd av tree uten motor, pa ein liten innsjoo. Me saag etter anakonaer, men saag igjen. Men me heiv kjeks ut i vatnet og tiltrakk oss mange pirajaer. Ganske morsomt egentlig.


Paa ettermiddagen var me paa ein gaard der i regnskogen, og gjekk ein tur rundt og fekk sjaa korleis dei dyrka frukt og groennsaker.


Om kvelden var me ut i baaten langs elve igjen, og me lyste ikkje etter krabber som ein gjer i Norge, men etter ein alligatortype, og andre dyr. Me satt heilt stille i baaten naar me kjoerde oppver, og guiden sto fremst med ein stor lykt og lyste inn paa land og gjorde tegn til sjaafoeren naar kan skulle kjoere naermere saa me kunne sjaa. Utruleg spennende og kjekt. :)

Dagen etter reiste me tilbake til Lima, og no har me vore her eit par netter og flyet til Chile gaar i kveld. Foeler me har faatt sett og opplevd mykje i Peru og har funne ut at det er eit land som byr paa litt av kvart.

Ingen kommentarer: