torsdag 18. desember 2008
ARGENTINA
Siden me reiser i maaro blir dette eit lite kort innlegg.
Bariloche
Me tok buss fraa Chile til soer i Argentina der me var nokon dager i den lille byen Bariloche. Her var me mellom anna paa baat-tur og me var paa hytte-til-hytte tur i ekte Patagonia-stil. Me hadde tre overnattinger, 3 dager med gaaing, og ein dag der me satt vaerfaste paa hytta pga av taake. Naar det ikkej var taake var det heilt utrulig vakkert landskap og fjell, nett som paa postkortene. :)
Buenos Aires
Har no vore nokon dager her, og foeler eg har faatt med meg det vikitge i byen. Me har vore paa bar-til-bar runde, paa tango-show, paa kultur/hisorie-byvandring (til alle kjente plasser), paa modernekunst museum, shoppa og sjoelvsagt ete mykje god biff og roedvin :)
God reise til meg sjolv!:)
lørdag 6. desember 2008
VIVA CHILE
Nest siste land er no unnagjort og jul og heimreise naerne seg med stormskritt. Julefoelesen begynner aa komme, sjolv om det ikkje er heilt det samme aa hoeyre julesanger naar det er sol og t-skjorte vaer ute. Blir kvar morgen minna paa at det snart er jul, daa eg blir vekt til "Idag er det 1(evt 6) desember" sangen til julekalenderen. :)
Puerto Varas
Chile er eit langt land, og valget landa paa aa reise soerover i landet, naerme bestemt til den nydelige smaabyen Puerto Varas, like ved Puerto Montt. Me tok nattbussen ned fraa Santiago, nesten 12 timer, men bussene her er heilt geniale med seter som likner paa gode stresslesser (korleis skriv ein det egentlig?).
Me har vert her i 3 netter no, og paa den tida har me faatt med oss ganske mykje. Byen er heilt fantastisk nydelig, med ein stor innsjoe (som egentlig ser ut som havet) og strand og der ein paa andre sida av vatnet kan sjaa to kvite vulkaner som har typisk vulkanform.
Foerste dagen kom me tidlig med bussen, brukte litt tid til aa finne ut ka byen hadde aa by paa av spennede aktiviteter og reiste ut paa sykkeltur paa ettermiddagen. Sykla paa ein grusveg paa landet rett ved byen, og hadde det ikje vore for lamaene og vulkanene hadde det vore nett som aa vore paa sykkeltur i Norge. Det er store enger og groent og fint.
Meg og Margunn, legg merke til vulkanen i bakgrunnen :)
.
Andre dagen blei tilbrakt paa ein hesterygg. Me var paa ein 5 timers lang ridetur med guide, opp til ei elv der me hadde lunsj og saa ned igjen. Kjempefint og kjekk tur sjolv om min hest alltid skulle gaa 20 m bak dei andre.
.
Tredje dagen, det vil seie i gaar, reiste me fraa hostellet 0500, og kjoerte til vulkanen Osorno. Me kjoerte opp til 1100m og i loepet av dei neste 11 timene, hadde me komme oss opp paa toppen, 2652m, og ned att. Dei foerste 1/3 var paa knust lava stein, nesten som aa gaa i sand, og resten av vegen opp var snoe og isbree. Foerste delen av snoen gjekk me berre med stegjern, men paa slutten var det veldig bratt og me maatte paa med hjelmer, feste oss fast i kvarandre med tau og bruke isoeks og klatre oss oppover. Det var oss 4 og to guider, saa eine guiden gjekk foert og laga anker til oss eit stykke oppe, og me klatra opp etter han og saann holdt me paa til me kom til topps. Blei ein del venting, men sikkerhet foer tidsbruk.
Vulkan Osorno, utsikt fraa Puerto Varas.
Det var ein heilt spesiell opplevlse og eg har aldri vore med paa liknande. Absolutt eit av hoegdepunka paa turen (det seier me forsaavidt etter kvar ny opplevelse..hehe)
Paa toppen var vulkanen rund, og me kunne gaa 100m bortover for aa komme paa det aller hoegeste. Det var ikkje ein aktiv vulkan saa heile toppen var snoedekt. Utsikten fraa toppen var heilt enorm utrulig, og ein kunne sjaa heilt til Pucon (ligg mykje lengre nord) og til Argentina. Mange fjell og mange vulkantopper. Utrulig!
Paa toppen!:)
Turen ned var litt skummlere enn turen opp, men mest kjekk. Nesten nede satt me oss paa rompa og sklei dei siste bakkene ned til der snoeen stoppa. Alt i alt ein heilt nydelig tur!:)
Idag har me berre slappa av paa stranda med innsjoeen, og sett opp paa vulkanen me var paa i gaar. I maaro tidlig gaar bussen til byen Bariloche som ligger paa Argentina sin side av grensa.
onsdag 26. november 2008
PERU
No er tida inne for aa forlate Peru, og dette er eit land der me har opplevd mykje forskjelling, paa kort tid.
Cuzco er ein utruleg nydelig by, med mange smaa kjempekoslige gater. Det var ikkje saa mykje igjen her av det gamle inkariket, daa spanjakkene hadde ein tendes til aa rive det ned naar dei kom hit paa 1500 tallet. Tidlegere var det foreksmpel eit soltempel her som me no berre kunne sjaa grunnmuren til, daa spanjakkene hadde reve det ned og bygt kateralen sin oppaa toppen. Snakk om aa saare nokon for aa saa stroo salt i saaret.
Agua Calliente
Grilla marsvin
Sjoelv om det ikkje var noko gull igjen er det ein ufateleg imponerande by med utrulege byggetekninker til aa vere saa tidleg. Alt ned i minste detalj er plandlagt, alt fraa terasser som er bygd med spesielt materiale for aa hindre regnet i aa oeydelegge, til templer der sola gaar inn gjennom spesielle vindu akurat dei dagene i aaret naar sole snur.
Me kom opp dit tidleg om morgonen og planer var aa sjaa soloppgangen, men det var litt for taakete til me saag den. Foerst var me opp paa ein liten hoegde der me saag utover byen, og etterpaa satt me paa nokon steiner, med utsikt over byen, og hoeyrde paa guiden som snakka om historien. Saa tidleg var det nesten ingen folk og det var ein magisk stemning der.
Rafting
Welcome to the jungel
Neste morgen maatte me igjen tidleg opp, denne gongen for aa ta fly inn i amazonasjungelen. At det finnes ein flyplass midt i regnskogen, som i tillegg var internasjonal var ganske rart egentleg.
Elva og regnskogen fraa flyet
Etter aa ha landa, tok me buss ein time fore me kjoerte eit par timer baat oppover leva. Den elva me var med, som eg ikkje huske navnet paa nett no, er ein av dei elvene som til slutt blir den store amazonas elva. Ganske forskjell aa komme fraa alt det brune landskapet oppe i fjellene til den utruleg groenne regnskogen.
Me budde i eit resort i kjempefine bungelow hytter. Einaste me maatte passe paa var aa heile tida holde doera lukka for aa hindre insekt og andre krypdyr i aa komme inn.
Foerste kvelden var me ute paa ein kveldstur, der me gjekk langs ein sti i moerket med berre lommelykter og leita etter alt som kunne krabbe og gaa. Dei guidene me hadde det var kjempe kunnskapesrike og flinke. Me saag mange store maur, edderkopper, greshopper og andre smaakryp. Paa eit tidspunkt slukka me alt lyset og berre sto i ro. Det var heilt moerkt, og veldig mange lyder. Umulig aa skille alle lydene fraa kvarandre, og vite kva dyr som lage kva lyd. Veldig spsiell opplevelse.
Dagen etter gjekk me ogsaa paa tur, men denne gongen i dagslys. Regnskogen er kjempespennende, me tette og kjempehoege tre. Me saag paa mange smaadyr, litt storre dyr, fugler, treer og busker. Hoeyres kanskje ikkje saa spennede ut, men det var det! Saag for eksempel ein ekte tarantelle og hoeyrde masse rasling i buskene, men fekk aldri heilt auge paa dyret som var der som hadde vert eit villsvin. Hadde haapet om aa sjaa ein jaguar, men den dukka aldri opp.
Guiden vaar viste oss nokon termitter paa eit tre og saa at lokalbefolkningen pleide aa ete det mot mageproblem. Dette maatte han vise og aat ein levende termitt (liten maur), og daa maatte jo me ogsaa prove det. Saa eg har faktisk ete eit levende insekt, og det smakte tre. Seinere paa kvelden under samtale med guiden og eit par oel, saa visste det seg at guiden var veldig nervoes siden me var ein gruppe med nesten berre unge jenter (vanlegvis par over 50 som har fugler som sin stoerste interesse), han gaat tom for ting aa sei og hadde funne opp det om termittene. Det var ogsaa foerste gong for han at han hadde ete det. hehe.
Etterpaa var me paa ein baattur med ein katamaran bygd av tree uten motor, pa ein liten innsjoo. Me saag etter anakonaer, men saag igjen. Men me heiv kjeks ut i vatnet og tiltrakk oss mange pirajaer. Ganske morsomt egentlig.
Paa ettermiddagen var me paa ein gaard der i regnskogen, og gjekk ein tur rundt og fekk sjaa korleis dei dyrka frukt og groennsaker.
Om kvelden var me ut i baaten langs elve igjen, og me lyste ikkje etter krabber som ein gjer i Norge, men etter ein alligatortype, og andre dyr. Me satt heilt stille i baaten naar me kjoerde oppver, og guiden sto fremst med ein stor lykt og lyste inn paa land og gjorde tegn til sjaafoeren naar kan skulle kjoere naermere saa me kunne sjaa. Utruleg spennende og kjekt. :)
Dagen etter reiste me tilbake til Lima, og no har me vore her eit par netter og flyet til Chile gaar i kveld. Foeler me har faatt sett og opplevd mykje i Peru og har funne ut at det er eit land som byr paa litt av kvart.
lørdag 15. november 2008
COSTA RICA eit paradis paa jord
7 dager i himmelen
Eg reiste tilbake til hovudstaden for der fekk eg nemlig nemlig besoek, og med kjeareste besoek fraa Norge er det lite aa klage paa. Anders var paa Costa Rica ei veke og me budde i San Jose heile tida.
Dei foerste par dagene gjekk med paa aa bli kjent med byen og faa meg paa beina igjen. San Jose er paa ingen maate ein vakker by, men det var forskjellige ting aa sjaa paa likevel.
Resten av veka leika me litt amerikanske charter turister og meldte oss paa turist turer som tok oss med ut av byen.
Me blei henta paa hotellet tidleg om morgonen av minibusser som tok oss med ut. Foerste tur gjekk til vulkanen Poas, som har eit av verdens stoerte krater. Me var heldige aa ha klart vaer naar me var der og fekk eit glimt oppi vulkanen. Det lukta sterkt svovel der og ikkje plassen og tilbringe mykje tid sjoelv om ein vente seg til lukta etter kvart.

Neste tur var krokodille safari og strand tur. Me tok foerst ein baat nedover ei elv der det var utruleg mange krokodriller og mange fugler. Personleg syns eg krokodrillene var ein smule meir spennande enn alle fuglene. Mannen som styrte baaten var ein litt gal, og tilkalla eine krokodillen bort til seg saa me kunne ta bilder, med aa slaa ein fisk i vatnet. Eg er gla eg var oppi baaten eg. :)
Etterpaa gjekk turen til ei fin strand der me tilbrakte eit par timer. Det er nydelige strender her, med kvit sand og palmer som gaar heilt ned til stranda.


Dagen etter utforska me San Jose meir, og blei kjoert rundt av ein guide som peika byens viktige byggninger ut for oss, og me var inn paa precolumbiansk museum (som foroevrig me hadde vore paa eit par dager tidlegare paa eigen hand). Det var veldig greit aa ha med seg ein guide rundt forbi som kunne fortelle oss om byen og historien til Costa Rica.
Han visste om ogsaa ein kaffibusk (kaffi er daa baer) og me fekk smake paa boennene som smaker veldig soett foer dei blir brent.

Her plukker me kaffiboenner fraa busken
Costa Rica er eit groent land med mykje natur, dyr og nasjonalparker. Me tok turen til nasjonalparken Manuel Antonio, der me fekk sjaa baade apekatter, dovendyr, fugler, langnesa vaskebjoerner og ulike oegler. Dovendyra var heller kjedelege daa dei berre hang i ro hoegt oppe i trea. Apekattene hoppa rundt og var heller vanskelige aa ta bilder av.
Etter aa ha tusla rundt i parken hadde me igjen nokon timer med bading paa stranda foer turen gjekk tilbake til San Jose.

Alt i alt var det heilt fantastisk kjekt med besoek!:)
Santa Teresa
Etter at Anders reiste heim att, tok eg bussen til Santa Teresa, der eg moette dei andre. Det var ein typisk surfeby, og eg fekk proeve meg litt paa brettet. Kom meg opp, men ikkje uten at intruktoeren hjalp med med bolegene. Veldig kjekt!
Eg var der eit par dager, og no er me tilbake i San Jose, og flyet til Peru gaar i maaro. Neste stopp inka-rike og jungel!
Pura Vida!
HEKTISKE DAGER
Saigon in a nutshell
Det er merkelig av og til ka eg kan faa tid til paa kort tid, og vaar eine overnatting i Saigon viser dette. Me kom fram om kvelden, reiste rett paa eit show av vietnamesisk dukketeater. Alt var paa vietnamesisk, saa skjoente ikkje saa mykje, men artig aa faa med seg.
I 9 tida om kvelden reiste me inn i ein skredderbutikk, for me tenkte me ikkje kunne forlate Vietnam uten skreddersydd silkekjole. Planen var aa faa sydd ein kjole, men butikken var ivrige til aa sitte oppe heile natte aa sy, saa neste dag i 1800 tida kunne me hente 11 nye kjoler, der 3 var til meg :) ganske kjekt!
Tidlegere paa dagen var me paa krigsmuseum, veldig bra museum, med mange bilder fraa Vietnam krigen. Nokon saa faele at eg nesten ikkje klarte aa sjaa paa dei, det var eit museum som gjorde inntrykk!
Ellers gjekk dagen med til shopping, baade i butikker og paa marked, saa alt i alt fekk me veldig mykje ut av ei natt i Saigon.
Mitt livs lengste dag
30 oktober varte ein evighet. Me maatte mellomlande nokon timer i Korea paa veg til LA, og me landa i USA 5 timer foer me reiste fraa Korea. Ganske imponerande! 16 timers forskjell mellom USA og Korea (14 fraa Vietnam).
Med lite soevn paa vegen var det ein troett gjeng som tusla rundt i LA og handla litt. Om kvelden reiste me og saag stjernene paa walk of fame. Me budde paa eit fint hostell ved Santa Monica Beach, like over gata til Santa Monica Police. Morro!
Halloween
Dagen etter tok me toget til San Diego der halvsoestre til Margunn bur. Me sov hos ho ei natt, og ho tok oss me paa ekte halloweenparty. Me kledde oss ut som dei skumle doktorene me ein gong skal bli. Folk hadde virkelig gjennomfoerte kostymer, og hagen me var i var pynta i skummel halloween stil.

Flyet til Costa Rica gjekk om kvelden den 1 november, og foer me tok toget tilbake til LA visste soestre til Margunn oss rundt i San Diego. Kjempefin by! Mykje finere enn LA som egentlig berre var stor og med uendelege store avstander.
Sliten
Det var ei sliten Liv Toril som satt seg paa flyet til Costa Rica, der tar paa aa leike japansk turist og skal ha med seg alt paa ein gong.
søndag 26. oktober 2008
Bilder
lørdag 25. oktober 2008
VIETNAM - ein perle paa jord
Det er forresten veldig treig aa legge ut bilder her saa blir ikkje saa mange, men Mari har lagt ut nokon fraa turen paa http://www.flickr.com/photos/31496792@N08/
NHA TRANG
Foerste stopp i Vietnam etter aa ha sove ei natt i Ho Chi Minh, eller Saigon som det ogsaa vert kalla, var ein kystby litt lenger nord som heiter Nha Trang. Her la me oss inn paa eit 2 stjernes hotell som eg etter norske regler ville ha kalla ein 4 stjerners. Utruleg fine rom, med havsutsikt, store mjuke senger og stort bad. Litt kontrast til alle 4 roms hostella med toalett paa gangen som me budde paa i Kina.
Strandliv
Det var heilt herlig aa legge seg ned aa ikkje gjere noko anna enn a ligge strak ut i sole. Kjempefine strand og solsenger saa ingenting aa klage paa. Det var mange irriterande selgerer som var rundt paa standa og skulle selge solbriller og postkort, men ei dame var ikkje irriterande, og det var fruktdama, som serverte oss nydelig fruktsalat til lunsj. :)
Meg og Mari med dragefrukt :)
Eine dagen eller rettere sagt kvelden var det fullmaane og me satt og aat nede med stranda og sjoeen. Heilt fantastisk nydelig!

Velvere
Etter ei stund som backpackere fann me ut at det var paa tide aa ta litt vare paa seg sjoelv, og Vietnam er plassen for dette. Over alt er det massoerer og plasser som ordner negler paa hender aa foetter. Ganske deilig! Fann ut eg skulle ta meg ein tur til frisoeren og mens eg var i gang, ho snakka ikkje saa godt engelsk og det blei litt kortere enn eg hadde tenkt, men det vokser nok ut igjen til eg kjem heim att.
Trafikk
Trafikken i Vietnam er heilt forferdelig og dei har virkelig ikkje skjoent prinsippet bak foroverganger. Trur ikkje det har skjedd ein einaste gong saa langt at ein bil (eller moped/skuter som det kryr av her, gjerne med heile familien paa) har stoppa for meg naar eg skulle over vegen. Heilt haaplaust!
Mat
Maten i Vietnam er heilt nydelig! Og billig! ikkje minst! Har ete utruleg mykje god sjoemat og anna mat. Artig aa kunne velge mellom mange ulike fisker som ein ikkje har hoeyrt om foer. Dei har mykje anna artig mat og, og har mellom anna ete struts og krokodille :)
Snorkling
Etter eit par dager liggande rett ut som slakt paa standa var det tid for nye eventyr, og turen gjekk til ein baat som tok oss med ut paa det opne hav. Foerst var me paa eit akvarium paa ei lita oey og saag mange artige fisker og deriblandt hai! Ganske skuffa var eg daa det var veldig smaa hai, men artig aa sjaa likevel.
Hovudmaalet med denne baatturen var aa snorkle. Me fekk snorkle like attme ei oey med kjempefine koralrev i alle mulige farger, og saag kjempe mange smaa fine og rare fisk. Veldig morro, men gleden var litt oeydelagt daa maskene me fekk ikkje var av den beste kvaliteten og konstant lakk.
"Havfiske"
Me fekk sansen for baatturen, Vietnam er eit utruleg vakkert land, med mange nydelige oeyer. Saa neste baattur gjekk foere seg om ettermiddagen/kvelden og me skulle ut aa fiske. Me hadde litt haapet om aa faa nokon store fisker, men fiska ikkje saa langt ute og rett attme ei oey, saa blei ikkje store fangsten paa oss. Eg fekk to napp og ingen fisk, men Mari fekk heile to fisk (vel og merke paa stoerrelse med dei ein har i akvarium heime). Ein maa ha ein spesiell tillatelse faar aa reise langt ut aa fiske og det hadde jo me ikkje.
Etter ei stund med fiske var det blitt moerkt og me bada i maaneskinnet. Det var kjempeartig, for etter kvart svoemmetak ein tok kunne ein sjaa at det lyste i vatnet rundt oss av morild. Utruleg fasinerande!
Turen tilbake til land daa ein saag alle lysa fraa byen var kjempefin.
Apeoey
Alle gode ting er tre, saa me medte oss paa ein tredje baattur. Foerst var me paa ei oey der det var struts og daadyr (eller raadyr? kan ikkje heilt forskjellen skal eg innroemme...), dertter ei oey med nydelig strand, og eit fossefall (som var veldig lite) som me bada i. Siste oeya var apeoeya, og det krydde av apekatter der. Kor enn ein snudde seg var det fullt av apekatter! Kjempemorro.
Me fekk ogsaa sjaa elefantshow, hundeshow, svart bjoernshow og apeshow saa blei ein dag med mykje dyr.
MUI NE/PHAN THIET
Etter ca ei veke i Nha Trang tok me ein slags sovebuss 5 timer lengre soer til ein ny kystby som ligg mellom Mui Ne og Phan Thiet. Det er her eg er no, og dette er plassen for vannsport.
Me bur heilt nydelig til no, med svoemmebasseng og stranda som naermaste nabo.
Vindsurfing
Me hadde veldig lyst aa laere aa vindsurfe (aa kjeore paa seglbrett?) , men saa langt har me ikkje komme saa langt, for vinden har ikkje heilt vore paa vaar side. Men me har faatt proevd eit par gonger og det er kjempekjekt. Har nokon dager igjen saa satse paa aa faa proeve meir!
Surfing
Planen er aa proeve aa surfe litt naar me kjem til Costa Rica, og daa fann me ut det var lurt med litt provetimer her. Proevde i gaar, og me kom oss faktisk staande opp paa brettet. Veldig kjekt! Men me fekk ein del hjelp, for boelgene var ikkje heilt saa store som dei skulle vere, saa me hadde kvar vaar hjelper som sto og hold brettet vaart til det kom ei god boelge, dytta oss inn i boelga og saa "swim swim, stand up!". Har endaa ikkje proevd paa eigenhand aa innbille meg at det er ein smule vanskeligere. hehe
Kajakk
I gaar leigde me kajakk og var ute paa sjoen aa padla og var paa sightsing bortover stranda. Ein veldig fin maate aa sjaa seg litt rundt om paa. Skal ikkje sei at me padla like beint framover heile tida, men me kom oss fram og tilbake igjen. :)
Sanddyner
Idag, daa vinden igjen svikta oss, reiste me til nokon sanddyener som er like utenfor her. Det var ei med raud sand og ei med kvit sand. Veldig fint. Me blei kjoert i ein jeep (med daarlig motor) ut, og det var kanskje det kjekkaste for fekk sjaa oss ein del omkring.
Vaeret
Me har ikkje vore heilt heldige med vaeret saa langt i Vietnam, me har hatt ein del overskya og litt regn. I gaar kveld aapna himmelen seg naar me skulle heim etter aa ha ete og me maatte springe som nokon galninger foer aa proeve aa komme oss heim uten aa vere heilt gjennomvaate. Men me har hatt mykje fint vaer og sol og :)
Vidare
I dag er det loerdag og paa tirsdag tar me bussen inn til Saigon og skal sove der ei natt foer me tar flyet videre. Neste flytur har endestasjon i LA der me skal moete Siw :)