tirsdag 14. oktober 2008

SLUTT PAA KINATURNE

No er eg komme til Vietnam for eit par dager sidan, og maa sei det er paa hoeg tid eg oppdatere bloggen min. Kina er eit utrulig land saa spoert om eg klare aa formidle alt me har opplevd, men skal gjere eit forsoek. :)



Tre smaa kinesere

Ja, dei er smaa, men det er heilt klart meir enn 3 av dei. Over alt kor ein gaar kryr det er kinesere som er i vegen. Har komme fram til at kinesere er rare dyr, dei gjer saa masse rart som aldri hadde falt meg inn. Myten om at kinesere spytter og harker overalt stemmer, alle barna gaar uten bleie med eit hull bak i buksa (ikkje alltid like varmt i Kina, ka med blaerekatar osv?) og naar ungen skal paa do holder Kinamamma eller Kinapappa ungen opp attme eit tre (midt paa gata, fullt av folk). Merkelig! Ellers er do-kulturen til den eldre delen av befolkingen ganske rar ogsaa daa mange finn paa aa gaa paa do med doera aapen. (Naar dei i tillegg ikkje har vanleg do, men hull i bakken ser det litt dumt ut naar ein kjem inn paa ein jentedo med masse folk som ikkje har lukka doerene og sitt pa huk).
Apropos toaletter, paa toaletter er det ofte koe, og er det noko kinesere mangle er det evne til aa staa i koe. Dei snik seg fram, og om dei ikkje klare det paa foerste foersoek bruke dei gjerne albuen. Skulle tenke at i eit land med saa masse folk saa burde dei kunne staa i koe. Men maa sei eg er blitt ganske "flink" til aa komme meg fram i koeen eg og no. Spesielt paa togstasjoner naar me har paa den store sekken er det lett aa hindre at folk snik, berrre aa staa aa snu litt paa seg saa kjem dei ikkje forbi.

Kinesere stirrer og tar mange bilder. Har aldri blitt snikfotografert saa mange gonger i heile mitt liv (har eg egentlig blitt snikfotografert foer?). Det er ikkje alltid dei proeve aa skjule det saa godt heller, mang ein gong har eg fatt eit kamera plutselig opp i fjeset. Skulle tru dei aldri hadde sett kvite folk foer, men me tanke paa at det er eit stort land, og ikkje saa mange turister overalt og det det var stengt for utlandet for inntil berre litt over 30 aar siden er det kanskje ikkje saa rart. Nokon er hoeflege og spoer om aa ta bilde, og andre sender ungene bort faar aa ta bilde av oss sammen med dei. Naar me var i Beijing i Sommerpalasset og gjekk over ein nydelig marmorbru, var det til og med ein profosjonell fotograf som dreiv aa tok bilde av kinajenter i fine kjoler som stoppa oss (sveitte og med skjorts og singlet) for aa ta bilde. Har faatt ein foelsese av korleis det er aa vere kjendis paa denne turen saa langt. Til tider artig og til tider svaert strevsomt.



Xi'an

Etter at me hadde vore ei god veke i Beijing tok me toget til Xi'an som er ein by litt lengre soer og litt lenger vest. Hovudmaalet faar denne turen var Terracotta krigerene. Dette er eit gigantisk gravkammer som blei oppdaga saa seint som i 1974 ved ein tilfeldighet, og tross stoerrelsen staar det ikkje noko om det i nokon historiske boeker.
Eit par hundre aar foer kristus var det ein luring kalla Qin Shi Huang som i ein alder av berre 13 aar beorda folka sine til aa begynne aa bygge grave si som sto ferdig nesten 40 aar etter. Han ville egentlig ha med seg heile haeren sin i doeden naar han doeyde, men gjekk med paa aa faa laga dei i leire. Saa utenfor grava star det over 7000 Terracotta krigere i leire. Kvar enkelt er unik og har ansiktet til den krigeren den skulle forestille. Sjoelve grave er ikkje aapna endaa for det er mykje kvikksoelv der inne, men me kunne sjaa alle krigerene som er gravd fram. Det var ganske mange folk som skulle til faar aa bygge alt dette og naar alt var ferdig saa ville han ikkje at det skulle vere nokon som visste om alle hemminghetane til grava saa han begravde alle slavene levande med seg. Ganske utruleg!
Tidlegare har eg snakka om at me var og saag mumien 3 (fremdelig fantasisk daarlig) paa kinesisk kino og denne filmen hander om denne mannen. Riktig nok er ikkje historien i filmen heilt som i virkigheten, men litt artig likevel.



























Kung-fu skule

Etter aa ha hatt ein time kungfu ved hostellet vaart i Beijing, fann me ut at dette var artig. Snakka med eit par andre backpackere som hadde vert paa ein skule aa laert det saa satte igang med aa leite opp ein skule paa nettet, og reiste til ekte kungfu skule i Shaolin omraadet. Det var her kampsporten oppsto blandt munker for mange aar siden.

Skulen me budde paa var eit slags barneskule, var berre oss og kinesere der, mellom 5 og 15 aar ca. Dei budde paa skulen og trente kungfu fleire gongen for dagen i tillegg til aa ha vanlege fag.

Me hadde med oss var eigen oversetter, som formidla kontakt mellom oss og treneren vaar.
Dagen begynte med frokost 0640 (daa hadde dei andre elevane alt vore ute aa jogga), trening fraa 9 til 11, lunsj og saa trening fraa 1430-1700 ca. Var kjempeartig og til tider ganske vanskelig. Det gjekk lettere etter kvart, og begynte aa vere vane med aa ha vondt i muskler rundt omkring paa kroppen.
Maten me fekk var utruleg god, og var ganske annleis enn ka me er vane med for fekk varm middagaktig mat til frokost, lunsj og middag. Er blitt ganske mykje flinkere til aa ete med pinner no, men alle bordmanerer har forsvunne daa kinesere ikkje har dei. Er det noko ein ikkje liker oppi skaala for eksempel er det heilt greit aa berre hive det over kanten til bordet.

Me var kjempeheldige, for den veka me var der var det ein festival paa skulen som berre var ein gong om aaret saa det var 3 dager med konkurranse for dei andre elevane. Heilt sjukt aa sjaa paa dei opptre, fantastisk dyktige! Utruleg at saa smaa unger kan haa saa bra kontroll over sin eigen kropp.
Me var ogsaa ein tur i Shaolin tempel, der som kungfu oppsto og saag eit imponerande show.


























Korleis komme seg rundt omkring i Kina
Kina er som kjend eit stort land og det tar foelgelig litt tid aa forflytte seg fraa plass til plass. Vaar foerte togtur gjekk bra, fekk "softsleeper" som daa er ein 4 manns sovekupe saa ein ganske behagelig maate aa forflytte seg paa.
Togtur nummer 2 var ikkje saa behagelig, havna paa "hard seet" som er utruleg harde seter, med heilt rett rygg som ikkje kan bevege paa seg, og ein sitt tre stykk attme kvarandre utan avgrensa seter. Det var rett foer ferie (rundt 1 oktober, nasjonaldagen) saa var umulig aa faa tak i bedre seter, saa blei 7-8 meir eller mindre tortur. I tillegg hadde me ein kineser rett over oss som konstant proevde aa kommunisere med oss, utan at han kunne engelsk saa blei det heller strevsomt i lengden. Som sagt spytte kinesere mykje og toget er intet unntak. I tillegg roeyke mange kinesere og her er heller ikkje toget noko unntak.
Det var ganske morsomt naar me gjekk av toget, alle paa toget som hadde vinduplass hang ut vinduet faar aa sjaa paa oss som sto der me all bagasjen vaar, og peika og lo.



















Verdens lengste taxitur
Etter aa ha vore paa kungfu skulen var planen aa reise soer og ned til Yangtze-elva med tog. Dette blei vanskelig, igjen pga av ferien i Kina, men hadde allerede booka tur med ein baat, saa maatte komme oss ned den dagen me hadde tenkt. Det endte med at me leide ein sjaafoer fraa skulen som kjoerte oss dei 12 timene det tok faar aa komme der. Vegane i Kina er til tider svaert humpete, men me kom oss fram til slutt. Det blei den lengste taxituren eg har tatt og sannsylegvis kommer til aa ta. Morsomt var det at det ikkje kosta veldig mykje meir enn sovekupe paa toget.

Kinesisk chartertur
Eg har alltid tenkt at chartertur er eit vestlig fenomen, men den gong ei. Me hadde funne eit "cruise" baat (legg merke til hermeteikna) som skulle ta oss 4 dager opp over elva paa hostellet i Xi'an. Det skulle vere som ein liten by, og me betalte litt ekstra faar aa faa guide paa dei ulike turist plassene som me skulle stoppe paa paa vegen opp. Ingen fortalte oss at du har to utgaver at denne typen baater, dei med turister og dei me kinsere. Me havna paa den me kinesere paa tur. Kan ikkje paastaa at baaten (legg merke til bruk av ordet baat og ikkje cruise) var ein liten by og me maatte betale ekstra faar aa komme ut paa dekk. All guidingen var stort sett paa kinesisk daa guiden snakka svaert daarlig engelsk.
Til tross for dette var det er artig tur som eg ikkje ville vert foruten. Kinesere paa chartertur er ganske god underholding, det er for eksempel heilt vanlig aa tusle rundt paa baaten i pysjamas.
Me gjekk igjennom ein del sluser paa vegen opp, dei driv a bygge verdens stoerte demning og skal demme opp heile elva. Det er verdas 3 lengste elv med nydelig landskap saa sjolev om det skaffer ein del god energi til kineserene er det ganske synd.






















Pandapark
Etter baatturen gjekk turen til Chengdu, der me var i ein stor park og saag pandaer. Heilt utruleg fantsitske soete dyr. Dei hadde panda unger i ei leikegrind, og ein liten pandababy i ei kvoese. Bestemte meg for at om eg skal smugle eit dyr til Norge paa turen saa blir det ein liten panda.



























Kinesisk medisin
I Chengdu tok me turen til eit lokalt sjukehus der me hadde lest om at det gjekk ann aa faa omvisning. Me fann ikkje heilt ut kor me skulle henvenne oss, men blei til slutt sendt til ei farmasoeyt som snakka engelsk. Etter aa ha forklart at me var 4 medisinstudenter fraa Norge som gjerne ville vite litt om kinesisk medisin tok ho oss med ein tur rundt paa sjukehuset. Me kom inn paa eit legekontor og satt der aa saag paa tre konsultasjoner.
Tradisjonell kinesisk medisin vil seie bruk av urter, og legen undersoeker pasienten ved aa ta pulsen, sjaa paa tunga og hoeyre paa kva pasienten fortel. Det er ingen bruk av stetoskop for eksempel. Ganske fasinerande. Legen skriv saa resept paa urter som pasienten maa ned aa hente i apoteket som kun bestaar av ulike urter.
Me fekk ein liten omvisning paa apotektet etterpaa, og laerte mellom anna at slangeskinn blir brukt mot leddgikt.
Kjempeartig aa faa sjaa eit saant sjukehus, heilt annleis enn heime!











Paa toget igjen
Etter aa ha faatt ganske masse ut av vaar eine overnatting i Chendu var turen komme til aa reise til Hong Kong. Det er som sagt ganske store avstander i Kina saa togturen tok 31 timer. Men det gjekk ganske greit og innspirert av pandaene tilbrakte me tida i sovekupeen der me leika pandaer mens me bevaga oss framover mot bestemmelsesstedet.

Hong Kong
Eg har aldri vore i New York foer, men Hong Kong ser ut saann som eg innbille meg at New York ser ut. Uendelig mange skyskrapere som konkurrere med kvarandre om aa vera hoegast og ha mest fansy arkitektur. Det var veldig deilig aa komme til ein storby igjen etter aa ha farta saa mykje rundt i Kina.
Kaffi er ein ting som ikkje er saa utbredt i Kina (det kosta gjerne det samme som for heile frokosten), saa var veldig godt aa komme til Hong Kong aa drikke skikkelig kaffi og paa ein maate foelse oss litt heime igjen.
Me var opp paa Victoria peak som er ein liten haug eller minifjell paa oeya i Hong Kong. Derifraa kunne me sjaa ein fantastisk utsikt over Hong Kong. Paa vegen tilbake skulle me ta ein dobbeldekkerbuss og sto nesten heilt framme i koenen og ville gjene sitte heilt framme oppe. Merka at eg har vore i Kina ein stund faar naar bussen kom tok eg meg sjolev i aa snike forran dei to som sto forran meg i koen og gaa paa bussen og ta dei beste plassene. hehe



Det var ogsaa ganske deilig aa komme til Hong Kong der det var varmt. Har hatt utruleg mykje daarlig vaer i Kina med mykje regn. Paa kungfu skulen regna det dei foerste dagane og var saa kaldt at naar eg laag i senge med kle paa, sovepose og tynn dyne saa var det framleis kaldt. Ingen form for isolasjon og murbygg. Herlig!
Saa etter mange inntrykk i Kina og mykje farting rundt er det heilt herlig aa ha komme her til Vietnam i varmen og berre slappe av paa strande og ikkje gjere noko anna enn aa leike panda heile dagen. Kina har vore eit kjempe spennade land, men blei litt lei templer og kinesere til slutt . Det er det som er genialt med aa vere paa saann tur eg er no, om ein blir litt lei ein plass saa kjem ein snart til ein ny der det er heilt nye ting aa sjaa og gjere og nye inntrykk.

1 kommentar:

Svein sa...

Hmm, me har visst vore i samme land.. Kinesarar er rare!
Menmen, me har berre hatt fint vaer daa, til og med mange dagar i Beijing utan smog!
God tur vidare:)