torsdag 18. desember 2008
ARGENTINA
Siden me reiser i maaro blir dette eit lite kort innlegg.
Bariloche
Me tok buss fraa Chile til soer i Argentina der me var nokon dager i den lille byen Bariloche. Her var me mellom anna paa baat-tur og me var paa hytte-til-hytte tur i ekte Patagonia-stil. Me hadde tre overnattinger, 3 dager med gaaing, og ein dag der me satt vaerfaste paa hytta pga av taake. Naar det ikkej var taake var det heilt utrulig vakkert landskap og fjell, nett som paa postkortene. :)
Buenos Aires
Har no vore nokon dager her, og foeler eg har faatt med meg det vikitge i byen. Me har vore paa bar-til-bar runde, paa tango-show, paa kultur/hisorie-byvandring (til alle kjente plasser), paa modernekunst museum, shoppa og sjoelvsagt ete mykje god biff og roedvin :)
God reise til meg sjolv!:)
lørdag 6. desember 2008
VIVA CHILE
Nest siste land er no unnagjort og jul og heimreise naerne seg med stormskritt. Julefoelesen begynner aa komme, sjolv om det ikkje er heilt det samme aa hoeyre julesanger naar det er sol og t-skjorte vaer ute. Blir kvar morgen minna paa at det snart er jul, daa eg blir vekt til "Idag er det 1(evt 6) desember" sangen til julekalenderen. :)
Puerto Varas
Chile er eit langt land, og valget landa paa aa reise soerover i landet, naerme bestemt til den nydelige smaabyen Puerto Varas, like ved Puerto Montt. Me tok nattbussen ned fraa Santiago, nesten 12 timer, men bussene her er heilt geniale med seter som likner paa gode stresslesser (korleis skriv ein det egentlig?).
Me har vert her i 3 netter no, og paa den tida har me faatt med oss ganske mykje. Byen er heilt fantastisk nydelig, med ein stor innsjoe (som egentlig ser ut som havet) og strand og der ein paa andre sida av vatnet kan sjaa to kvite vulkaner som har typisk vulkanform.
Foerste dagen kom me tidlig med bussen, brukte litt tid til aa finne ut ka byen hadde aa by paa av spennede aktiviteter og reiste ut paa sykkeltur paa ettermiddagen. Sykla paa ein grusveg paa landet rett ved byen, og hadde det ikje vore for lamaene og vulkanene hadde det vore nett som aa vore paa sykkeltur i Norge. Det er store enger og groent og fint.
Meg og Margunn, legg merke til vulkanen i bakgrunnen :)
.
Andre dagen blei tilbrakt paa ein hesterygg. Me var paa ein 5 timers lang ridetur med guide, opp til ei elv der me hadde lunsj og saa ned igjen. Kjempefint og kjekk tur sjolv om min hest alltid skulle gaa 20 m bak dei andre.
.
Tredje dagen, det vil seie i gaar, reiste me fraa hostellet 0500, og kjoerte til vulkanen Osorno. Me kjoerte opp til 1100m og i loepet av dei neste 11 timene, hadde me komme oss opp paa toppen, 2652m, og ned att. Dei foerste 1/3 var paa knust lava stein, nesten som aa gaa i sand, og resten av vegen opp var snoe og isbree. Foerste delen av snoen gjekk me berre med stegjern, men paa slutten var det veldig bratt og me maatte paa med hjelmer, feste oss fast i kvarandre med tau og bruke isoeks og klatre oss oppover. Det var oss 4 og to guider, saa eine guiden gjekk foert og laga anker til oss eit stykke oppe, og me klatra opp etter han og saann holdt me paa til me kom til topps. Blei ein del venting, men sikkerhet foer tidsbruk.
Vulkan Osorno, utsikt fraa Puerto Varas.
Det var ein heilt spesiell opplevlse og eg har aldri vore med paa liknande. Absolutt eit av hoegdepunka paa turen (det seier me forsaavidt etter kvar ny opplevelse..hehe)
Paa toppen var vulkanen rund, og me kunne gaa 100m bortover for aa komme paa det aller hoegeste. Det var ikkje ein aktiv vulkan saa heile toppen var snoedekt. Utsikten fraa toppen var heilt enorm utrulig, og ein kunne sjaa heilt til Pucon (ligg mykje lengre nord) og til Argentina. Mange fjell og mange vulkantopper. Utrulig!
Paa toppen!:)
Turen ned var litt skummlere enn turen opp, men mest kjekk. Nesten nede satt me oss paa rompa og sklei dei siste bakkene ned til der snoeen stoppa. Alt i alt ein heilt nydelig tur!:)
Idag har me berre slappa av paa stranda med innsjoeen, og sett opp paa vulkanen me var paa i gaar. I maaro tidlig gaar bussen til byen Bariloche som ligger paa Argentina sin side av grensa.
onsdag 26. november 2008
PERU
No er tida inne for aa forlate Peru, og dette er eit land der me har opplevd mykje forskjelling, paa kort tid.
Cuzco er ein utruleg nydelig by, med mange smaa kjempekoslige gater. Det var ikkje saa mykje igjen her av det gamle inkariket, daa spanjakkene hadde ein tendes til aa rive det ned naar dei kom hit paa 1500 tallet. Tidlegere var det foreksmpel eit soltempel her som me no berre kunne sjaa grunnmuren til, daa spanjakkene hadde reve det ned og bygt kateralen sin oppaa toppen. Snakk om aa saare nokon for aa saa stroo salt i saaret.
Agua Calliente
Grilla marsvin
Sjoelv om det ikkje var noko gull igjen er det ein ufateleg imponerande by med utrulege byggetekninker til aa vere saa tidleg. Alt ned i minste detalj er plandlagt, alt fraa terasser som er bygd med spesielt materiale for aa hindre regnet i aa oeydelegge, til templer der sola gaar inn gjennom spesielle vindu akurat dei dagene i aaret naar sole snur.
Me kom opp dit tidleg om morgonen og planer var aa sjaa soloppgangen, men det var litt for taakete til me saag den. Foerst var me opp paa ein liten hoegde der me saag utover byen, og etterpaa satt me paa nokon steiner, med utsikt over byen, og hoeyrde paa guiden som snakka om historien. Saa tidleg var det nesten ingen folk og det var ein magisk stemning der.
Rafting
Welcome to the jungel
Neste morgen maatte me igjen tidleg opp, denne gongen for aa ta fly inn i amazonasjungelen. At det finnes ein flyplass midt i regnskogen, som i tillegg var internasjonal var ganske rart egentleg.
Elva og regnskogen fraa flyet
Etter aa ha landa, tok me buss ein time fore me kjoerte eit par timer baat oppover leva. Den elva me var med, som eg ikkje huske navnet paa nett no, er ein av dei elvene som til slutt blir den store amazonas elva. Ganske forskjell aa komme fraa alt det brune landskapet oppe i fjellene til den utruleg groenne regnskogen.
Me budde i eit resort i kjempefine bungelow hytter. Einaste me maatte passe paa var aa heile tida holde doera lukka for aa hindre insekt og andre krypdyr i aa komme inn.
Foerste kvelden var me ute paa ein kveldstur, der me gjekk langs ein sti i moerket med berre lommelykter og leita etter alt som kunne krabbe og gaa. Dei guidene me hadde det var kjempe kunnskapesrike og flinke. Me saag mange store maur, edderkopper, greshopper og andre smaakryp. Paa eit tidspunkt slukka me alt lyset og berre sto i ro. Det var heilt moerkt, og veldig mange lyder. Umulig aa skille alle lydene fraa kvarandre, og vite kva dyr som lage kva lyd. Veldig spsiell opplevelse.
Dagen etter gjekk me ogsaa paa tur, men denne gongen i dagslys. Regnskogen er kjempespennende, me tette og kjempehoege tre. Me saag paa mange smaadyr, litt storre dyr, fugler, treer og busker. Hoeyres kanskje ikkje saa spennede ut, men det var det! Saag for eksempel ein ekte tarantelle og hoeyrde masse rasling i buskene, men fekk aldri heilt auge paa dyret som var der som hadde vert eit villsvin. Hadde haapet om aa sjaa ein jaguar, men den dukka aldri opp.
Guiden vaar viste oss nokon termitter paa eit tre og saa at lokalbefolkningen pleide aa ete det mot mageproblem. Dette maatte han vise og aat ein levende termitt (liten maur), og daa maatte jo me ogsaa prove det. Saa eg har faktisk ete eit levende insekt, og det smakte tre. Seinere paa kvelden under samtale med guiden og eit par oel, saa visste det seg at guiden var veldig nervoes siden me var ein gruppe med nesten berre unge jenter (vanlegvis par over 50 som har fugler som sin stoerste interesse), han gaat tom for ting aa sei og hadde funne opp det om termittene. Det var ogsaa foerste gong for han at han hadde ete det. hehe.
Etterpaa var me paa ein baattur med ein katamaran bygd av tree uten motor, pa ein liten innsjoo. Me saag etter anakonaer, men saag igjen. Men me heiv kjeks ut i vatnet og tiltrakk oss mange pirajaer. Ganske morsomt egentlig.
Paa ettermiddagen var me paa ein gaard der i regnskogen, og gjekk ein tur rundt og fekk sjaa korleis dei dyrka frukt og groennsaker.
Om kvelden var me ut i baaten langs elve igjen, og me lyste ikkje etter krabber som ein gjer i Norge, men etter ein alligatortype, og andre dyr. Me satt heilt stille i baaten naar me kjoerde oppver, og guiden sto fremst med ein stor lykt og lyste inn paa land og gjorde tegn til sjaafoeren naar kan skulle kjoere naermere saa me kunne sjaa. Utruleg spennende og kjekt. :)
Dagen etter reiste me tilbake til Lima, og no har me vore her eit par netter og flyet til Chile gaar i kveld. Foeler me har faatt sett og opplevd mykje i Peru og har funne ut at det er eit land som byr paa litt av kvart.
lørdag 15. november 2008
COSTA RICA eit paradis paa jord
7 dager i himmelen
Eg reiste tilbake til hovudstaden for der fekk eg nemlig nemlig besoek, og med kjeareste besoek fraa Norge er det lite aa klage paa. Anders var paa Costa Rica ei veke og me budde i San Jose heile tida.
Dei foerste par dagene gjekk med paa aa bli kjent med byen og faa meg paa beina igjen. San Jose er paa ingen maate ein vakker by, men det var forskjellige ting aa sjaa paa likevel.
Resten av veka leika me litt amerikanske charter turister og meldte oss paa turist turer som tok oss med ut av byen.
Me blei henta paa hotellet tidleg om morgonen av minibusser som tok oss med ut. Foerste tur gjekk til vulkanen Poas, som har eit av verdens stoerte krater. Me var heldige aa ha klart vaer naar me var der og fekk eit glimt oppi vulkanen. Det lukta sterkt svovel der og ikkje plassen og tilbringe mykje tid sjoelv om ein vente seg til lukta etter kvart.

Neste tur var krokodille safari og strand tur. Me tok foerst ein baat nedover ei elv der det var utruleg mange krokodriller og mange fugler. Personleg syns eg krokodrillene var ein smule meir spennande enn alle fuglene. Mannen som styrte baaten var ein litt gal, og tilkalla eine krokodillen bort til seg saa me kunne ta bilder, med aa slaa ein fisk i vatnet. Eg er gla eg var oppi baaten eg. :)
Etterpaa gjekk turen til ei fin strand der me tilbrakte eit par timer. Det er nydelige strender her, med kvit sand og palmer som gaar heilt ned til stranda.


Dagen etter utforska me San Jose meir, og blei kjoert rundt av ein guide som peika byens viktige byggninger ut for oss, og me var inn paa precolumbiansk museum (som foroevrig me hadde vore paa eit par dager tidlegare paa eigen hand). Det var veldig greit aa ha med seg ein guide rundt forbi som kunne fortelle oss om byen og historien til Costa Rica.
Han visste om ogsaa ein kaffibusk (kaffi er daa baer) og me fekk smake paa boennene som smaker veldig soett foer dei blir brent.

Her plukker me kaffiboenner fraa busken
Costa Rica er eit groent land med mykje natur, dyr og nasjonalparker. Me tok turen til nasjonalparken Manuel Antonio, der me fekk sjaa baade apekatter, dovendyr, fugler, langnesa vaskebjoerner og ulike oegler. Dovendyra var heller kjedelege daa dei berre hang i ro hoegt oppe i trea. Apekattene hoppa rundt og var heller vanskelige aa ta bilder av.
Etter aa ha tusla rundt i parken hadde me igjen nokon timer med bading paa stranda foer turen gjekk tilbake til San Jose.

Alt i alt var det heilt fantastisk kjekt med besoek!:)
Santa Teresa
Etter at Anders reiste heim att, tok eg bussen til Santa Teresa, der eg moette dei andre. Det var ein typisk surfeby, og eg fekk proeve meg litt paa brettet. Kom meg opp, men ikkje uten at intruktoeren hjalp med med bolegene. Veldig kjekt!
Eg var der eit par dager, og no er me tilbake i San Jose, og flyet til Peru gaar i maaro. Neste stopp inka-rike og jungel!
Pura Vida!
HEKTISKE DAGER
Saigon in a nutshell
Det er merkelig av og til ka eg kan faa tid til paa kort tid, og vaar eine overnatting i Saigon viser dette. Me kom fram om kvelden, reiste rett paa eit show av vietnamesisk dukketeater. Alt var paa vietnamesisk, saa skjoente ikkje saa mykje, men artig aa faa med seg.
I 9 tida om kvelden reiste me inn i ein skredderbutikk, for me tenkte me ikkje kunne forlate Vietnam uten skreddersydd silkekjole. Planen var aa faa sydd ein kjole, men butikken var ivrige til aa sitte oppe heile natte aa sy, saa neste dag i 1800 tida kunne me hente 11 nye kjoler, der 3 var til meg :) ganske kjekt!
Tidlegere paa dagen var me paa krigsmuseum, veldig bra museum, med mange bilder fraa Vietnam krigen. Nokon saa faele at eg nesten ikkje klarte aa sjaa paa dei, det var eit museum som gjorde inntrykk!
Ellers gjekk dagen med til shopping, baade i butikker og paa marked, saa alt i alt fekk me veldig mykje ut av ei natt i Saigon.
Mitt livs lengste dag
30 oktober varte ein evighet. Me maatte mellomlande nokon timer i Korea paa veg til LA, og me landa i USA 5 timer foer me reiste fraa Korea. Ganske imponerande! 16 timers forskjell mellom USA og Korea (14 fraa Vietnam).
Med lite soevn paa vegen var det ein troett gjeng som tusla rundt i LA og handla litt. Om kvelden reiste me og saag stjernene paa walk of fame. Me budde paa eit fint hostell ved Santa Monica Beach, like over gata til Santa Monica Police. Morro!
Halloween
Dagen etter tok me toget til San Diego der halvsoestre til Margunn bur. Me sov hos ho ei natt, og ho tok oss me paa ekte halloweenparty. Me kledde oss ut som dei skumle doktorene me ein gong skal bli. Folk hadde virkelig gjennomfoerte kostymer, og hagen me var i var pynta i skummel halloween stil.

Flyet til Costa Rica gjekk om kvelden den 1 november, og foer me tok toget tilbake til LA visste soestre til Margunn oss rundt i San Diego. Kjempefin by! Mykje finere enn LA som egentlig berre var stor og med uendelege store avstander.
Sliten
Det var ei sliten Liv Toril som satt seg paa flyet til Costa Rica, der tar paa aa leike japansk turist og skal ha med seg alt paa ein gong.
søndag 26. oktober 2008
Bilder
lørdag 25. oktober 2008
VIETNAM - ein perle paa jord
Det er forresten veldig treig aa legge ut bilder her saa blir ikkje saa mange, men Mari har lagt ut nokon fraa turen paa http://www.flickr.com/photos/31496792@N08/
NHA TRANG
Foerste stopp i Vietnam etter aa ha sove ei natt i Ho Chi Minh, eller Saigon som det ogsaa vert kalla, var ein kystby litt lenger nord som heiter Nha Trang. Her la me oss inn paa eit 2 stjernes hotell som eg etter norske regler ville ha kalla ein 4 stjerners. Utruleg fine rom, med havsutsikt, store mjuke senger og stort bad. Litt kontrast til alle 4 roms hostella med toalett paa gangen som me budde paa i Kina.
Strandliv
Det var heilt herlig aa legge seg ned aa ikkje gjere noko anna enn a ligge strak ut i sole. Kjempefine strand og solsenger saa ingenting aa klage paa. Det var mange irriterande selgerer som var rundt paa standa og skulle selge solbriller og postkort, men ei dame var ikkje irriterande, og det var fruktdama, som serverte oss nydelig fruktsalat til lunsj. :)
Meg og Mari med dragefrukt :)
Eine dagen eller rettere sagt kvelden var det fullmaane og me satt og aat nede med stranda og sjoeen. Heilt fantastisk nydelig!

Velvere
Etter ei stund som backpackere fann me ut at det var paa tide aa ta litt vare paa seg sjoelv, og Vietnam er plassen for dette. Over alt er det massoerer og plasser som ordner negler paa hender aa foetter. Ganske deilig! Fann ut eg skulle ta meg ein tur til frisoeren og mens eg var i gang, ho snakka ikkje saa godt engelsk og det blei litt kortere enn eg hadde tenkt, men det vokser nok ut igjen til eg kjem heim att.
Trafikk
Trafikken i Vietnam er heilt forferdelig og dei har virkelig ikkje skjoent prinsippet bak foroverganger. Trur ikkje det har skjedd ein einaste gong saa langt at ein bil (eller moped/skuter som det kryr av her, gjerne med heile familien paa) har stoppa for meg naar eg skulle over vegen. Heilt haaplaust!
Mat
Maten i Vietnam er heilt nydelig! Og billig! ikkje minst! Har ete utruleg mykje god sjoemat og anna mat. Artig aa kunne velge mellom mange ulike fisker som ein ikkje har hoeyrt om foer. Dei har mykje anna artig mat og, og har mellom anna ete struts og krokodille :)
Snorkling
Etter eit par dager liggande rett ut som slakt paa standa var det tid for nye eventyr, og turen gjekk til ein baat som tok oss med ut paa det opne hav. Foerst var me paa eit akvarium paa ei lita oey og saag mange artige fisker og deriblandt hai! Ganske skuffa var eg daa det var veldig smaa hai, men artig aa sjaa likevel.
Hovudmaalet med denne baatturen var aa snorkle. Me fekk snorkle like attme ei oey med kjempefine koralrev i alle mulige farger, og saag kjempe mange smaa fine og rare fisk. Veldig morro, men gleden var litt oeydelagt daa maskene me fekk ikkje var av den beste kvaliteten og konstant lakk.
"Havfiske"
Me fekk sansen for baatturen, Vietnam er eit utruleg vakkert land, med mange nydelige oeyer. Saa neste baattur gjekk foere seg om ettermiddagen/kvelden og me skulle ut aa fiske. Me hadde litt haapet om aa faa nokon store fisker, men fiska ikkje saa langt ute og rett attme ei oey, saa blei ikkje store fangsten paa oss. Eg fekk to napp og ingen fisk, men Mari fekk heile to fisk (vel og merke paa stoerrelse med dei ein har i akvarium heime). Ein maa ha ein spesiell tillatelse faar aa reise langt ut aa fiske og det hadde jo me ikkje.
Etter ei stund med fiske var det blitt moerkt og me bada i maaneskinnet. Det var kjempeartig, for etter kvart svoemmetak ein tok kunne ein sjaa at det lyste i vatnet rundt oss av morild. Utruleg fasinerande!
Turen tilbake til land daa ein saag alle lysa fraa byen var kjempefin.
Apeoey
Alle gode ting er tre, saa me medte oss paa ein tredje baattur. Foerst var me paa ei oey der det var struts og daadyr (eller raadyr? kan ikkje heilt forskjellen skal eg innroemme...), dertter ei oey med nydelig strand, og eit fossefall (som var veldig lite) som me bada i. Siste oeya var apeoeya, og det krydde av apekatter der. Kor enn ein snudde seg var det fullt av apekatter! Kjempemorro.
Me fekk ogsaa sjaa elefantshow, hundeshow, svart bjoernshow og apeshow saa blei ein dag med mykje dyr.
MUI NE/PHAN THIET
Etter ca ei veke i Nha Trang tok me ein slags sovebuss 5 timer lengre soer til ein ny kystby som ligg mellom Mui Ne og Phan Thiet. Det er her eg er no, og dette er plassen for vannsport.
Me bur heilt nydelig til no, med svoemmebasseng og stranda som naermaste nabo.
Vindsurfing
Me hadde veldig lyst aa laere aa vindsurfe (aa kjeore paa seglbrett?) , men saa langt har me ikkje komme saa langt, for vinden har ikkje heilt vore paa vaar side. Men me har faatt proevd eit par gonger og det er kjempekjekt. Har nokon dager igjen saa satse paa aa faa proeve meir!
Surfing
Planen er aa proeve aa surfe litt naar me kjem til Costa Rica, og daa fann me ut det var lurt med litt provetimer her. Proevde i gaar, og me kom oss faktisk staande opp paa brettet. Veldig kjekt! Men me fekk ein del hjelp, for boelgene var ikkje heilt saa store som dei skulle vere, saa me hadde kvar vaar hjelper som sto og hold brettet vaart til det kom ei god boelge, dytta oss inn i boelga og saa "swim swim, stand up!". Har endaa ikkje proevd paa eigenhand aa innbille meg at det er ein smule vanskeligere. hehe
Kajakk
I gaar leigde me kajakk og var ute paa sjoen aa padla og var paa sightsing bortover stranda. Ein veldig fin maate aa sjaa seg litt rundt om paa. Skal ikkje sei at me padla like beint framover heile tida, men me kom oss fram og tilbake igjen. :)
Sanddyner
Idag, daa vinden igjen svikta oss, reiste me til nokon sanddyener som er like utenfor her. Det var ei med raud sand og ei med kvit sand. Veldig fint. Me blei kjoert i ein jeep (med daarlig motor) ut, og det var kanskje det kjekkaste for fekk sjaa oss ein del omkring.
Vaeret
Me har ikkje vore heilt heldige med vaeret saa langt i Vietnam, me har hatt ein del overskya og litt regn. I gaar kveld aapna himmelen seg naar me skulle heim etter aa ha ete og me maatte springe som nokon galninger foer aa proeve aa komme oss heim uten aa vere heilt gjennomvaate. Men me har hatt mykje fint vaer og sol og :)
Vidare
I dag er det loerdag og paa tirsdag tar me bussen inn til Saigon og skal sove der ei natt foer me tar flyet videre. Neste flytur har endestasjon i LA der me skal moete Siw :)
tirsdag 14. oktober 2008
SLUTT PAA KINATURNE
Tre smaa kinesere
Ja, dei er smaa, men det er heilt klart meir enn 3 av dei. Over alt kor ein gaar kryr det er kinesere som er i vegen. Har komme fram til at kinesere er rare dyr, dei gjer saa masse rart som aldri hadde falt meg inn. Myten om at kinesere spytter og harker overalt stemmer, alle barna gaar uten bleie med eit hull bak i buksa (ikkje alltid like varmt i Kina, ka med blaerekatar osv?) og naar ungen skal paa do holder Kinamamma eller Kinapappa ungen opp attme eit tre (midt paa gata, fullt av folk). Merkelig! Ellers er do-kulturen til den eldre delen av befolkingen ganske rar ogsaa daa mange finn paa aa gaa paa do med doera aapen. (Naar dei i tillegg ikkje har vanleg do, men hull i bakken ser det litt dumt ut naar ein kjem inn paa ein jentedo med masse folk som ikkje har lukka doerene og sitt pa huk).
Apropos toaletter, paa toaletter er det ofte koe, og er det noko kinesere mangle er det evne til aa staa i koe. Dei snik seg fram, og om dei ikkje klare det paa foerste foersoek bruke dei gjerne albuen. Skulle tenke at i eit land med saa masse folk saa burde dei kunne staa i koe. Men maa sei eg er blitt ganske "flink" til aa komme meg fram i koeen eg og no. Spesielt paa togstasjoner naar me har paa den store sekken er det lett aa hindre at folk snik, berrre aa staa aa snu litt paa seg saa kjem dei ikkje forbi.
Kinesere stirrer og tar mange bilder. Har aldri blitt snikfotografert saa mange gonger i heile mitt liv (har eg egentlig blitt snikfotografert foer?). Det er ikkje alltid dei proeve aa skjule det saa godt heller, mang ein gong har eg fatt eit kamera plutselig opp i fjeset. Skulle tru dei aldri hadde sett kvite folk foer, men me tanke paa at det er eit stort land, og ikkje saa mange turister overalt og det det var stengt for utlandet for inntil berre litt over 30 aar siden er det kanskje ikkje saa rart. Nokon er hoeflege og spoer om aa ta bilde, og andre sender ungene bort faar aa ta bilde av oss sammen med dei. Naar me var i Beijing i Sommerpalasset og gjekk over ein nydelig marmorbru, var det til og med ein profosjonell fotograf som dreiv aa tok bilde av kinajenter i fine kjoler som stoppa oss (sveitte og med skjorts og singlet) for aa ta bilde. Har faatt ein foelsese av korleis det er aa vere kjendis paa denne turen saa langt. Til tider artig og til tider svaert strevsomt.
Xi'an
Etter at me hadde vore ei god veke i Beijing tok me toget til Xi'an som er ein by litt lengre soer og litt lenger vest. Hovudmaalet faar denne turen var Terracotta krigerene. Dette er eit gigantisk gravkammer som blei oppdaga saa seint som i 1974 ved ein tilfeldighet, og tross stoerrelsen staar det ikkje noko om det i nokon historiske boeker.
Eit par hundre aar foer kristus var det ein luring kalla Qin Shi Huang som i ein alder av berre 13 aar beorda folka sine til aa begynne aa bygge grave si som sto ferdig nesten 40 aar etter. Han ville egentlig ha med seg heile haeren sin i doeden naar han doeyde, men gjekk med paa aa faa laga dei i leire. Saa utenfor grava star det over 7000 Terracotta krigere i leire. Kvar enkelt er unik og har ansiktet til den krigeren den skulle forestille. Sjoelve grave er ikkje aapna endaa for det er mykje kvikksoelv der inne, men me kunne sjaa alle krigerene som er gravd fram. Det var ganske mange folk som skulle til faar aa bygge alt dette og naar alt var ferdig saa ville han ikkje at det skulle vere nokon som visste om alle hemminghetane til grava saa han begravde alle slavene levande med seg. Ganske utruleg!
Tidlegare har eg snakka om at me var og saag mumien 3 (fremdelig fantasisk daarlig) paa kinesisk kino og denne filmen hander om denne mannen. Riktig nok er ikkje historien i filmen heilt som i virkigheten, men litt artig likevel.
Kung-fu skule
Etter aa ha hatt ein time kungfu ved hostellet vaart i Beijing, fann me ut at dette var artig. Snakka med eit par andre backpackere som hadde vert paa ein skule aa laert det saa satte igang med aa leite opp ein skule paa nettet, og reiste til ekte kungfu skule i Shaolin omraadet. Det var her kampsporten oppsto blandt munker for mange aar siden.
Skulen me budde paa var eit slags barneskule, var berre oss og kinesere der, mellom 5 og 15 aar ca. Dei budde paa skulen og trente kungfu fleire gongen for dagen i tillegg til aa ha vanlege fag.
Me hadde med oss var eigen oversetter, som formidla kontakt mellom oss og treneren vaar.
Dagen begynte med frokost 0640 (daa hadde dei andre elevane alt vore ute aa jogga), trening fraa 9 til 11, lunsj og saa trening fraa 1430-1700 ca. Var kjempeartig og til tider ganske vanskelig. Det gjekk lettere etter kvart, og begynte aa vere vane med aa ha vondt i muskler rundt omkring paa kroppen.
Maten me fekk var utruleg god, og var ganske annleis enn ka me er vane med for fekk varm middagaktig mat til frokost, lunsj og middag. Er blitt ganske mykje flinkere til aa ete med pinner no, men alle bordmanerer har forsvunne daa kinesere ikkje har dei. Er det noko ein ikkje liker oppi skaala for eksempel er det heilt greit aa berre hive det over kanten til bordet.
Me var kjempeheldige, for den veka me var der var det ein festival paa skulen som berre var ein gong om aaret saa det var 3 dager med konkurranse for dei andre elevane. Heilt sjukt aa sjaa paa dei opptre, fantastisk dyktige! Utruleg at saa smaa unger kan haa saa bra kontroll over sin eigen kropp.
Me var ogsaa ein tur i Shaolin tempel, der som kungfu oppsto og saag eit imponerande show.
Korleis komme seg rundt omkring i Kina
Kina er som kjend eit stort land og det tar foelgelig litt tid aa forflytte seg fraa plass til plass. Vaar foerte togtur gjekk bra, fekk "softsleeper" som daa er ein 4 manns sovekupe saa ein ganske behagelig maate aa forflytte seg paa.
Togtur nummer 2 var ikkje saa behagelig, havna paa "hard seet" som er utruleg harde seter, med heilt rett rygg som ikkje kan bevege paa seg, og ein sitt tre stykk attme kvarandre utan avgrensa seter. Det var rett foer ferie (rundt 1 oktober, nasjonaldagen) saa var umulig aa faa tak i bedre seter, saa blei 7-8 meir eller mindre tortur. I tillegg hadde me ein kineser rett over oss som konstant proevde aa kommunisere med oss, utan at han kunne engelsk saa blei det heller strevsomt i lengden. Som sagt spytte kinesere mykje og toget er intet unntak. I tillegg roeyke mange kinesere og her er heller ikkje toget noko unntak.
Det var ganske morsomt naar me gjekk av toget, alle paa toget som hadde vinduplass hang ut vinduet faar aa sjaa paa oss som sto der me all bagasjen vaar, og peika og lo.
Verdens lengste taxitur
Etter aa ha vore paa kungfu skulen var planen aa reise soer og ned til Yangtze-elva med tog. Dette blei vanskelig, igjen pga av ferien i Kina, men hadde allerede booka tur med ein baat, saa maatte komme oss ned den dagen me hadde tenkt. Det endte med at me leide ein sjaafoer fraa skulen som kjoerte oss dei 12 timene det tok faar aa komme der. Vegane i Kina er til tider svaert humpete, men me kom oss fram til slutt. Det blei den lengste taxituren eg har tatt og sannsylegvis kommer til aa ta. Morsomt var det at det ikkje kosta veldig mykje meir enn sovekupe paa toget.
Kinesisk chartertur
Eg har alltid tenkt at chartertur er eit vestlig fenomen, men den gong ei. Me hadde funne eit "cruise" baat (legg merke til hermeteikna) som skulle ta oss 4 dager opp over elva paa hostellet i Xi'an. Det skulle vere som ein liten by, og me betalte litt ekstra faar aa faa guide paa dei ulike turist plassene som me skulle stoppe paa paa vegen opp. Ingen fortalte oss at du har to utgaver at denne typen baater, dei med turister og dei me kinsere. Me havna paa den me kinesere paa tur. Kan ikkje paastaa at baaten (legg merke til bruk av ordet baat og ikkje cruise) var ein liten by og me maatte betale ekstra faar aa komme ut paa dekk. All guidingen var stort sett paa kinesisk daa guiden snakka svaert daarlig engelsk.
Til tross for dette var det er artig tur som eg ikkje ville vert foruten. Kinesere paa chartertur er ganske god underholding, det er for eksempel heilt vanlig aa tusle rundt paa baaten i pysjamas.
Me gjekk igjennom ein del sluser paa vegen opp, dei driv a bygge verdens stoerte demning og skal demme opp heile elva. Det er verdas 3 lengste elv med nydelig landskap saa sjolev om det skaffer ein del god energi til kineserene er det ganske synd.
Pandapark
Etter baatturen gjekk turen til Chengdu, der me var i ein stor park og saag pandaer. Heilt utruleg fantsitske soete dyr. Dei hadde panda unger i ei leikegrind, og ein liten pandababy i ei kvoese. Bestemte meg for at om eg skal smugle eit dyr til Norge paa turen saa blir det ein liten panda.
I Chengdu tok me turen til eit lokalt sjukehus der me hadde lest om at det gjekk ann aa faa omvisning. Me fann ikkje heilt ut kor me skulle henvenne oss, men blei til slutt sendt til ei farmasoeyt som snakka engelsk. Etter aa ha forklart at me var 4 medisinstudenter fraa Norge som gjerne ville vite litt om kinesisk medisin tok ho oss med ein tur rundt paa sjukehuset. Me kom inn paa eit legekontor og satt der aa saag paa tre konsultasjoner.
Tradisjonell kinesisk medisin vil seie bruk av urter, og legen undersoeker pasienten ved aa ta pulsen, sjaa paa tunga og hoeyre paa kva pasienten fortel. Det er ingen bruk av stetoskop for eksempel. Ganske fasinerande. Legen skriv saa resept paa urter som pasienten maa ned aa hente i apoteket som kun bestaar av ulike urter.
Me fekk ein liten omvisning paa apotektet etterpaa, og laerte mellom anna at slangeskinn blir brukt mot leddgikt.
Kjempeartig aa faa sjaa eit saant sjukehus, heilt annleis enn heime!
Paa toget igjen
Etter aa ha faatt ganske masse ut av vaar eine overnatting i Chendu var turen komme til aa reise til Hong Kong. Det er som sagt ganske store avstander i Kina saa togturen tok 31 timer. Men det gjekk ganske greit og innspirert av pandaene tilbrakte me tida i sovekupeen der me leika pandaer mens me bevaga oss framover mot bestemmelsesstedet.
Hong Kong
Eg har aldri vore i New York foer, men Hong Kong ser ut saann som eg innbille meg at New York ser ut. Uendelig mange skyskrapere som konkurrere med kvarandre om aa vera hoegast og ha mest fansy arkitektur. Det var veldig deilig aa komme til ein storby igjen etter aa ha farta saa mykje rundt i Kina.
Kaffi er ein ting som ikkje er saa utbredt i Kina (det kosta gjerne det samme som for heile frokosten), saa var veldig godt aa komme til Hong Kong aa drikke skikkelig kaffi og paa ein maate foelse oss litt heime igjen.
Me var opp paa Victoria peak som er ein liten haug eller minifjell paa oeya i Hong Kong. Derifraa kunne me sjaa ein fantastisk utsikt over Hong Kong. Paa vegen tilbake skulle me ta ein dobbeldekkerbuss og sto nesten heilt framme i koenen og ville gjene sitte heilt framme oppe. Merka at eg har vore i Kina ein stund faar naar bussen kom tok eg meg sjolev i aa snike forran dei to som sto forran meg i koen og gaa paa bussen og ta dei beste plassene. hehe
Saa etter mange inntrykk i Kina og mykje farting rundt er det heilt herlig aa ha komme her til Vietnam i varmen og berre slappe av paa strande og ikkje gjere noko anna enn aa leike panda heile dagen. Kina har vore eit kjempe spennade land, men blei litt lei templer og kinesere til slutt . Det er det som er genialt med aa vere paa saann tur eg er no, om ein blir litt lei ein plass saa kjem ein snart til ein ny der det er heilt nye ting aa sjaa og gjere og nye inntrykk.
lørdag 20. september 2008
KINA
No har me vore i Beijing nokre dager og alt er veldig annleis fraa Kathmandu. Der det var trange og skitne gater i Kathmandu er det store aapne gater her, og det er tydelig at alt er oppussa og ordna foer OL. Byggningene her er gigantiske, trur eg aldri har sett saa mange store bygg i ein by foer!
I Nepal, spesielt oppe i fjellene, der venta me gjerne to timer paa lunsj (me saag dei kom inn me maiskolber som dei mala og laga broed av), her kommer maten foer me har satt oss nesten.
Mat
Til mitt foerste maaltid i Kina tenkte eg aa bestille noko "trygt" saa bestillte kylling. Det var veldig godt, men litt forbausende var det aa finne heile kyllingen i tallerkenen. Baade bein, vinger, hode og nebb var med.
Menyene er stort sett paa engelsk med bilde, saa har unngaatt aa bestille nyrer eller involler til dyr endaa. (Ein dag trudde eg at eg bestilte biff, og fekk avverga det daa det viste seg at det var grisetarmer og ikkje biff.) Er ikkje heilt der endaa kjenne eg, men venne meg kanskje til det.
I gaar var me paa ein liten bortgjoemt restaurant (som det sto om i lonely planet saa var ganske mange turister der) og aat pekingand. Var utruleg godt! Spesialitet i Beijing.
Meg og Hanne som nyter Pekingand :)
Paralympics
Me kom her nett i slutten av paralympics og proevde aa faa billetter til avsluttningshowet, men det var utsolgt. Har sett mange utoevere, som sikkert er kjende, men kjenne ikkje saa godt til det at eg kunne kjenne igjen nokon. Hadde vore veldig kjekt aa faatt med oss nokon konkurranser, men kom eit par dager for seint til aa klare aa ordne det.
Akrobatshow
I gaar var me paa det sjukeste akrobatshowet der folk var utruleg dyktige til aa snu aa vende paa seg, staa paa hodet, hoppe, snurre seg rundt, og vri ledda i vinkler me har laert paa skulen ikkje er fysisk umulig. Trur eg satt aa maapa heile showet, heilt utruleg.
Har ogsaa vore paa kinesisk opera. Det var ikkje saa imponerande, men veldig artig aa ha sett.
Kinesisk opera
There are nine million bicycles in Beijing
Eg har faktisk sykla i Beijing, og folk som kjenner min generelle sykkelskrekk skjoenner kor stort dette er. Me skulle ut til Sommerpalasset og fann ut det var fint aa sykle ut daa det var 10km paa utsida av Beijing sentrum. Me tenkte ikkje paa at sentrum er ganske stort saa det gjekk ganske lenge foer me i det heile tatt var komme til utkanten av sentrum, saa endte me aa ta drosje siste biten. Det er eigne sykkelfelt her og eigne trafikklys til sykkeltraffikken.
Turen bort gjekk veldig bra, men var ganske redd daa det var (sykkel)rushtrafikk paa veg tilbake. Kjoerte bak Hanne, og daa ein tulling av ein kineser sykla rett inn i ho (eg var bak og saag at han sykla rett i ho som sykla fint og rett fram), tok eg sykkelen opp paa fortauet og gjekk resten. Saa kan ikkje sei at sykkelstrekken min er kurrert heilt endaa.
Kulturbiten
Me har vore rundt i Beijing og sett paa utallinge palasser og templer som staar igjen fraa keisertida. Alt er nyopppussa foer OL og ganske flott.
Me hadde tenkt oss pa historisk og revolusjonmuseum idag, men det var steng pga av oppussing. Det artige i Kina er at historiske museum ofte er stengt fordi dei lager ny historie (eventuellt kanskje tar me litt meir av verdens og kinas historie som ikkje var med tidlegare) etter kvart som det blir nye politiske ledere.
Tempel of heaven
Den forbudte by
Desse loevene er for beskyttelse og staar utenfor mange tempel.
Eg har og sett Mao i dag, og daa meine eg han i eigen person. Doed vel og merka. Dei har balsamert han og noko greier, og kvar dag har dei han oppe ei stund i ei glasskiste og folk kan komme inn aa sjaa. Saag egentlig mest ut som ei voksdukke som laag der. Ganske spesielt aa sjaa paa alle kineserene som kom faar aa sjaa han og legge blomster der.
Kino
I gaar kveld fann me ut me skulle paa kino, og det var ein stor opplevelse. I Kina viser dei berre 10 vestlige kinoer i aaret, og den som stod paa programmet no var Mumien 3. Me tenkte at det passa bra siden handligen til den faktisk er henta fraa Kina.
Kan ikkje akkurat sei at det var ein bra film, og naar den var dubba til kinesisk i tillegg med engelsk tekst, gjor det til at alt i alt var det ein veldig morsom opplevelse. Satt og lo mesteparten av filmen. Me forstyrra ikkje saa mange for var oss og 3 til i heile kinosalen.
Den kinesiske mur
Den kinesiske mur ligg eit stykke utenfor Beijing, saa meldte oss paa ein tur hostellet arrangerte og reiste ut der. Ca 3 timers kjoeretur. Me var rundt 10 stykk som reiste og den delen av muren me kom til var det ingen andre turister paa. Me kjoerte forbi nokon deler av muren som var nyoppussa og der saag me at folk gjekk i koe. Kunne faktisk nesten ikkje sjaa muren pga av alle folka.
Det var ein veldig fin tur me hadde, hadde ein lokal guide og gjekk eit par timer oppaa muren. Det me gjekk var det grodd ein del og var ganske nedslitt, men det var det som gjor det til ein fin tur.
Og saa saag eg ein slange, det var ikkje saa kjekt. hehe
Meg og muren
Margunn, Hanne, meg og Mari
Drosjene
Taxisjaafoerne her er ikkje alltid like greie, og opp til fleire gonger nekter dei aa kjoere oss dit me skal. Me viser dei navnet paa gata me skal til skreve paa kinesisk, men ikkje alltid det hjelper. Saa me syns dei er veldig late, og tenke dei kanskje faar timebetalt. hehe
Videre
I ettermiddag skal me faa ein times kong-fu opplaering paa hostellet, og i maaro reise me fraa Beijing. Reise innover i landet og soerover til ein by som heite Xi'an. Er ca 12 timers togtur, men skal ta nattoget med sovekupe.
søndag 14. september 2008
NEPAL
Kathmandu, byen med vill trafikk, venstrekjoering (noko som gjer at trafikken foelsen endaa meir vill), apekatter hengande paa hus, mange hus, mange skilt, ikkje skikkelig asfalt, uendeleg mange biler, sykler og skutere som presse seg inn paa ein bitte liten veg. Litt av inntrykka som moette 4 norske jenter naar me tok taxi fraa flyplassen og inn til hotellet me skulle bu paa.
Everest Base Camp
Hovedgrunnen faar at me valgte aa reise til Nepal var at me ville gaa trekking i Himalaya og komme oss opp til Everest Base Camp paa litt over 5000 meter og Kala Pathar(5545m). Me hadde meldt oss paa ein organisert tur paa forhand og tenkte at dette blei bankers.
Ting gaar ikkje heilt som planlagt
Global oppvarming: naar me planla turen rekna me med at regntida (og me den mange skyer) var over, men den gang ei. Faar aa komme til den plassen me skulle begynne aa gaa, Lukla, maatte me ta eit lite 20 manns fly fraa Kathmandu. Opptimisiske moette me tidlig ein morgen paa flyplassen, venta der i 6-7 timer foer me fekk vite at flyet var kanselert pga for mange skyer i Lukla.
Dagen etter var likeeins, og naar det ikkje hadde vore fly til Lukla paa 10 dager saag ting moerkt ut.
Alle gode ting er 3 og tredje dagen letta flyet, men kunne ikkje lande der det skulle saa blei ein 2-3 dagers ekstra gaatur paa oss for aa komme oss til der me skulle egentlig begynne aa gaa fraa.
Problem nummer 1 var egentlig ikkje noko problem, det var lange dager me mange hoegdemeter opp og ned og opp at for aa komme over alle aasene, men me fekk sjaa utruleg mykje fin natur, og gjekk igjennom mange koslige smaa landsbyer der ein fekk sjaa litt meir av korleis Nepal er utenom alle turistene.
Nepal er eit vakkert land, med mange hoege fjell og smaa fjellandsbyer som det ikkje er veg imellom, berre stier. Sherpa-folket som bur der, baer alt dei treng med seg opp. Heilt utruleg at dei klare aa baere saa mykje i korger paa ryggen som er festa med eit band rundt panna. Saag unger heilt ned i 4-5 aars alderen som bar vatn som dette.
Her er nokon av sekkene vaare paa veg opp bakken!
Opp mot Everest Base Camp
Me var ein gjeng paa 11 stykk, med ein hovedguide, to assistenter og ein gjeng me baerere som bar sekkene vaare. Ganske luksus egentlig. Kvar baerer bar 3 store sekker kvar!
Folk i gruppa var omtrent paa samme alder som oss, baade gutter og jenter, fraa England, Irland, Meixco og Australia. Hadde det kjempekjekt sammen, mange av dei andre hadde like daarlig humoer som oss, saa var ein lattermild tur med mykje kortspeling, leiting etter jak-okser i fjella og doedkatt(ligge paa ryggen med bein og armer i vaeret) bilder forran diverse templer.
Meg tidleg ein morgon med utsikt om Mt Everest. Det er den lille tuppen som stikk opp bak paa bildet til venstre.
Ting gaar ikkje heilt som planlagt 2
Eg hadde bekymra meg litt paa forhand av turen om eg kom til aa bli hoegdesjuk, om eg kom til aa vrikke foten (siden eg ikkje gadd aa drasse me meg fjellsko), faa gnagsaar, vondt i knea osv. Ingen ting av dette skjedde. Deriblandt skjedde det eit par uventa ting.
1. Eine dagen me gjekk foer me kom opp i hoegden regna det ein del, og plutselig var det fult av blodigler. Saa blei for foerste gong beten av ei blodigle.
2. Ingen av oss norske 4 jentene fekk hoegdesjuke, men paa ca 4500m maatte me snu aa reise ned att (2 dager foer base camp og Kala Pathar som var hoegdepunkter paa turen).
Grunnen var at samtlige var sjuke, og etter 2 veker paa tur har alle gaatt paa antibiotika. Me maatte retunere til Namche Bazar (3445m) og gaa to timer i oppoverbakke derifraa for aa komme til eit lokalt sjukehus.
Til vaar troest kom ikkje resten av gruppa seg heilt opp heller pga vaeret. Med ein mage full av bakterier, ein full av parasitter, ei med bronkitt og ei med urinvegsinfeksjon saa var det nok lurt av oss aa snu.
Paa ein maate var det ein spennende opplevelse for oss medisinstudenter aa sjaa eit lokalt sjukehus i Nepal.
Kathandu igjen
No sitt eg paa ein internettkafe i Kathmandu og venter paa aa reise videre til Kina i kveld. Har berre vore vekke fraa Norge i litt over 2 veker, men foeles som om det er myke lenger. Har sett og opplevd masse, og Nepal er eit utruleg spennande land! Folk er veldig hyggelige og gjestfrie. Men Kathmandu er ein skitten og braakete by i kontrast til fjellene, saa er klar faar aa reise videre no.